Kvitefjellet og Søstestøylsfjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 19.265 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 9 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1451
Sesong: Juni - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Å gå frå Sandalen over Kvitefjellet og ned att til Gjesdalen via Søstestøylsfjellet inviterer deg på mektig fjellnatur i vestlegaste Jølster. Dette er ein lang tur, der store delar av turen går utan sti på variert underlag. Typisk godværstur! Du kan gå turen begge vegar, eller gå på Kvitefjellet tur/retur same veg. 

Turen startar i Sandalsdalen der du passerer Gamlestøylen ved Botnavatnet. Frå vatnet og opp til Brandsbotnen er det myrlend terreng og ein del elvefar. Det kan vere litt vanskeleg å orientere seg i dette området der det er lite spor etter stiar, og mykje dyretråkk. Du kan periodevis finne raude merker etter ein tidlegare fjelltrimpost. Frå Brandsbotnen og opp til Isvasskaret er det lettare ope fjellterreng å orientere seg i. 

Ved Isvasskaret får du flott utsikt til Gjerlandsisvatnet og Isvassnipa. Du følgjer ryggen opp til toppen av Kvitefjellet. På ryggen er det ein del sva og stein å gå i. Det er fordel at terrenget er tørt og fint når du går her. Om du går tidleg på sesongen kan her og vere snøfenner. 

På Kvitefjellet ventar ein stor og flott varde på deg saman med opa og fin utsikt mot vest. Mange besøker denne toppen ved å gå via oppstigning frå Holsen. Frå Kvitefjellet går du på stein og i småur utover ryggen som dannar fjellet Søstestøylsfjellet. Det er verdt å legge ruta innom varden oppå ryggen. Her får du stor utsikt over Gjesdalen, Tindefjellet og kan skimte Gjesdalsvatet og Jølstravatnet. 

For å ta deg ned mot Gjesdalen går du på rygg ned mot idyllisk plasserte Skardgrovtjørna. Følg sti/dyretråkk på austlege side av elva eit stykke nedover langs elva. Det er noko bratt terreng nedover her, der du går i lyng. Tidvise spor etter ein sti nedover lia. Du skal krysse elva der den har laga ein liten badekulp (ligg omlag på rundt 780 moh.). Etter kryssing av elva held du fram nedover i lyngen i austleg retning og siktar deg inn på Storehaugtjørna ved Storehaugen. I dette området kan du tidvis følgje Jølster løypelag sine opparbeida langrennsløyper, og følgje stiar der det er raudmerke etter tidlegare fjelltrim. Orienter deg mot brua som tek deg over Gjesdalsvegen og gå til parkeringa på Trinta. 

Kva form du er i, og kor vand du er med å gå på tur i terreng utan sti, samt evne til å orientere deg vil avgjere kor lang tid du nyttar på turen. 

Av AC Kapstad for Indre Sunnfjord Turlag. 

Adkomst

Du treng to bilar om du skal gå frå Sandalen til Gjesdalen. Du køyrer Fylkesveg 5690 (Nikolai Astrups veg) , tidlegare FV 451. 

I Sandalen køyrer du austlegaste skogsveg til parkeringsplass inst etter Sanddalsstøylen. Det er bomveg opp her, og det går ein del beitedyr (kyr). Periodar har vegen vore slik at det er fordel å ha bil med litt bakkeklaring. 

I Gjesdalen tek du av fylkesvegen og køyrer opp den austlegaste skogsvegen. Dette er ein bomveg. Her er fin veg opp og god parkeringsplass på Trinta.