Slåttenuten frå Solhaug

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.552 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 482
Sesong: Mai - Desember
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Frå parkeringsplassen på Solhaug fylgjer du stien langs kraftgata/røyrgata.

Turen går jamt oppover med enkelte bratte parti. Stien og røyrgata fører deg oppover mot Krokavatnet.

Etter å ha passert røyrgata på ein treplatting ser du etter eit skilt med "Maste" på, som peikar til venstre. Følg stien til Maste. 

Oppe ved antennemasta fortset stien i sørleg retning. Du ser Slåttenuten frå Maste. Det er den siste høgden med varde på, før det høgare Tørviknuten/Vesoldo masivet overtek horisonten. 

Omlag halvvegs mellom Maste og Slåttenuten er det eit stykryss der ein sti frå Tindadalen mot Aksneshedla kryssar stien til Slåttenuten. 

På Slåttenuten er det ein lite varde og flott utsikt mot fjord og fonn.

Retur same veg, eller legg turen innom Aksneshedla for ein litt lengre tur.

Adkomst

Frå Norheimsund fylgjer du Rv.49 mot Tørvikbygd. Omtrent 1 km frå sentrum tek du til høgre mot Tveit.På Tveit er det ikkje høve for parkering, men her kan du betala vegavgift til veglaget (kr75,-) og køyra grusvegen til Solhaug (enden på vegen).

Dersom du ikkje vil betala vegavgift tilrår me å parkera på Norheimsund stadion og gå opp Sandvenlia til Solhaug.

På vinterstid er det ikkje høve til å køyra til Solhaug.

På store utferdsdagar kan det fort verta fullt på parkeringsplassen på Solhaug. Ved Norheimsund stadion er det gode parkeringsmoglegheiter.

Stoppesteder

Buss til Norheimsund sentrum. Gå ruta som beskrive for eigen bil, eller gå opp Sandvenlia til Solhaug. Dette legg til ca 4 km lengde på turen kvar veg.