Fosstemmen – gapahuken midt i hjarta av turriket på Jøsneset

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.446 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 580
Sesong: Hele året
Område: Ryfylke

Beskrivelse

Fosstemmen er hjarta i turriket på Jøsneset; både på grunn av sentral beliggenhet nært andre ruter og fordi det er bygd ein flott gapahuk her. 

Gapahuken «Kalvagaren» er open for alle turgåarar. Her er det bålpanne, bord/benker, ved og to kanoar som kan brukast på vatnet. Det er stødige benker i gapahuken, og det går fint an å overnatte her med god sovepose og liggeunderlag. 

Det er fleire ruter opp: 

Turen frå Foss til Fosstemmen går på god skogsveg, startpunkt ca 100 moh. Vegen er stadvis temmeleg bratt, men kvaliteten på grusvegen er god, så det går td an å gå med barnevogn, terrengsykkel opp til 380 moh, Fosstemmen. Eit fint alternativ er å gå frå Åsland. Den ruta startar høgare oppe i terrenget; ca 250 moh, så det blir ikkje så mykje stigning. Og den ruta går på fin sti i skog/dels kulturlandskap.

NB! Hugs å late att grinder undervegs. Det er beitedyr i området. 

Adkomst

Følg riksveg 13 til Nesvik, ferjeleiet nord for Jøsenfjorden. Ta av, og følg skilt mot Skiftun – vidare følg skilt mot Foss. Her startar og sluttar turen. Parkering i enden av vegen på Foss. Vis omsyn til fastbuande.