Utsletteslottet - tur til dagsturhytta på Stord.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.698 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 283
Sesong: Hele året
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

Dagsturhytta i Stord har fått namnet Utsletteslottet og ligg ved Utslettefjellet (252 m.o.h) i bydel Sagvåg. Frå toppen er det nydeleg utsikt i alle retningar.

Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Her er det fint å ete matpakka og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta på ein måte du sjølv ynskjer å finne den, rein og innbydande. Ta med deg søppel, flasker osv. heim. Det er ikkje tilgang på vatn. Det må du sjølv ta med deg.

Sagvåg bygdalag står for tilsy n på hytta. Eigar av hytta er Stord kommune. Ta kontakt med Stord kommune om du har ei tilbakemelding .

Turen til dagsturhytta:

Parkering på stor parkeringsplass på oppsida av Nysæter idrettsplass. Her er det skilta til dagsturhytta. Stien startar rett ved huset på parkeringsplassen.

Stien går bratt opp eit skår med delvis stein og jordbotn. Turen er på ca 200 høgdemeter fordelt på 1100 meter, så ganske bratt, spesielt i starten. Godt å snu seg å nyta utsikta og ta ein pust i bakken. Etter kring 400 meter med stigning held ein høgre der det flatar ut og stien går over eit myrområde. Føl stien her i kring 600 meter før ein tek til venstre opp moderat stigning dei siste 300 m. til hytta. Brukt godt fottøy, spesielt når det er vått.

Det er kring 1100 meter å gå, men sidan her er god stigning vil ein bruka 35 min i vanleg tempo, 50 med god tid.

Alternativ rute til dagsturhytta er direkte frå Fitjarvegen /Dyvik. Mogleg parkering og merka rute opp til Utslettefjellet.

Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga /Sparebanken Sogn og Fjordane og den einskilde kommune.

Adkomst

Frå Bergen, E39 sørover til Halhjem, ferge til Sandvikvåg. Vidare over Stord. Ta av ved Heiane og køyr Sagvågvegen ca 3,3 km. Ta til venstre i rundkøyringa ved Rema 1000 og inn på Fitjarvegen. Etter 500 meter ta til høgre (skilta mot dagsturhytta). Køyr 800 meter på Utslettevegen og du er framme ved skilta parkeringsplass på oppsida av kunstgressbana.

Stoppesteder

Sjå reiseplanleggar Skyss og Kystbussen. 

Linker