Vest i Markja på Misje

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.385 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 215
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Grunna begrensa med parkeringshøve er det tilrådd å parkere ved rasteplassen på venstre side av vegen rett før ein køyrer over Solsviksundet bru. Herfrå går ein over brua og rett inn til venstre på sørsida av turkløypa (sjå kart) 

Denne turen er lettgått og byr på variert landskap på øya Misje. Frå Skulen tek du til høgre. Etter 300m tek du til venstre og går opp Hansabrekkko. I enden av denne krysser du fylkesvegen. Følg skogsvegen på andre sida, rundt svingen og gå inn til høgre til stien ved skilt “Vest i markja”. Småkupert terreng gjennom ein flott furuskog som byr på små overraskingar for borna. Her er det også ein del klopper så ein kan gå tørrskodd gjennom første del av skogen. Etter ei stund kjem du til eit leikeområde med zipline og ein gapahuk. Her kan du gjerne ta ein rast og nyte utsikta mot havet og Turøy i nordvest. Turen held fram vidare retning sørvest, gjennom skogen. Etterkvart kjem du ut i meir ope landskap med flott utsikt mot sjøen og havet. Om du ynskjer det kan du ta av stien og gå ned til fjøra.

Følg stien vidare mot sør. Når stien byrjar å skrå nedover skal du gå til venstre, mot aust. Hald fram på stien som går over siste knaus før bilvegen. Følg stien til under brua og følg asfaltert veg tilbake til skulen, ca 1 km. Det kan vere nokre våte parti, så godt skotøy er anbefalt.

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen.

Les meir om Kystpasset under Lenker.

Sporløs ferdsel. Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt der du ferdes. 

God tur!

Adkomst

Frå Ågotnes køyrer ein vidare nordover retning Misje. Etter Solsviksundet bru tek ein av til høgre mot Misje. Følg gamlevegen omlag 700m. Gamle Misje skule ligg på høgre side av vegen. Køyr ned på til skuleplassen på venstre side av skulen. NB: ingen parkering ved den gamle sardinfabrikken, snuplassen ved busstopp på Gamlevegen eller langs fylkesvegen. Dette hindrar buss og trafikk.

Stoppesteder

Frå Ågotnes Terminal kan ein ta buss 479 retning Hellesøy. Det tek 10-15 minutt til Misje. Frå Straume Terminal kan ein ta linje 460 til Ågotnes Terminal. Denne korresponderer med linje 479. Bussturen frå Straume Terminal til Misje tek omlag 40 minutt. 

Linker