Lokøy rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.676 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer 45 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 307
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Turen startar ved Søre Øyavegen rett før skilt retning Lokøy. Denne turen er variert og fin i lett kupert landskap. Ein går også gjennom villsaubeite. Hugs båndtvang! På turen går ein forbi Storavatnet. Her er det fint å ta seg eit bad. Ved varden på Lokøy har ein flott utsikt mot øya Løno som ligg ute i havet i vest. Ein kan også sjå langt innover mot Liatårnet i aust. For å kome til varden følger ein mastene rett vest ved stiskille etter omlag 2,5 km. På slutten av turen kjem ein inn på grusveg som går gjennom hyttefelt. Vis omsyn. Når grusvegen svinger skarpt mot høgre skal ein gå inn att på stien til venstre. Etter nokre hundre meter kjem ein inn att på stien der rundturen starta. 

Merk at det er begrensa med parkering. Det er plass til 4-5 bilar. Unngå parkering i busslomme eller langs bilvegen. Dette hindrar biltrafikken. Utforsk gjere turområda på Algrøy. 

Adkomst

Frå Straume følger ein vegen vidare mot Kolltveittunnellen. I rundkøyringa etter tunnellen tek ein til venstre i retning Klokkarvik. Ved Fjell kyrkje svinger ein til høgre retning Møvik. Forstett på denne vegen omlag 8km. Rett etter Skålevik skule tek ein til venstre reting Algrøy, Lokøy og Syltøy. Etter Langøybrua tek ein til venstre igjen. Følg vegen til ein kjem til stistart, rett før skilt mot Lokøy. 

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger, rute 467 Algrøy- Syltøy går til Lokøy. Sjå lenker for ruter. 

Linker