Pardalsmyra - naturleikeplass i Vikåsen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.394 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 82
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Pardalsmyra er ein spennande naturleikeplass nær Turøy. Den ligg i ein stemningsfull liten furuskog. Her er det klatreapparat, disser, zipline, bålpanne og ein flott gamal skjeneflor ein kan trekke inn i om det kjem ein reinskyll. Turen er fin å gå for dei aller minste.

Kulturlandskapet i området er spennande og Toftøy nærmiljøutval har restaurert fleire skjeneflorar, som var enkle hus, gjerne bygd av stein som beitedyrene vart tekne inn i for melking, eller ly mot vær og vind. 

Det er fint å gå rundturen som vist i kartet, men for små barn er det gjerne kjekkast å gå rett ned til Pardalsmyra. Stiskille er allereie etter 400 meter. Følg blå merking til høgre. 

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen. Les meir om Kystpasset under Lenker.

Viktig å vite når du går på tur:

Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt når du ferdes i naturen.

Adkomst

Frå Ågotnes i Øygarden kommune køyrer ein vidare nordover mot Hellesøy. Etter omlag 5 minutt skal ein svinge av til venstre retning Turøy og køyre eit lite stykke utover. Det er parkeringsplass på høgre side av vegen rett før ein kjem til Turøybrua.

Stoppesteder

Sjå ruteplanleggar på Skyss. 

Linker