Baståsen, Baståsløypa, Bømlo

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.227 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 715
Sesong: Hele året
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

Baståsløypa vart i si tid rydda og svært mykje brukt av Orienteringsklubben Bømlo. Løypa går rundt Baståsen og ned til Finnåsvatnet via Oldereid, Ersland og Bjørkåsen. Løypa går delvis langs gamle gongstiar, men og langs nyare traktorvegar.

Ein veit ikkje sikkert når Baståsen blei rydda, men trolig har det vore ein gard her alt i mellomalderen som seinere er blitt lagt øyde. På 1800-talet var det ein husmannsplass under garden Sætre, men fra 1868 blei det fraskilt som eige bruk. Baståsen blei fraflytta som buplass rundt 1915. På det meste fødde bruket 1 hest, 5 kyr, 15 sauer og ein gris. Navnet Baståsen tyder på at det har å vokse lind på denne staden. Det var nemlig fibrene av lindetreet som blei nytta til og fletta baste tog av. Baståsen blei tidligere møkje nytta som stemnestad både av indremisjonen og fråhaldslag - og det har jamvel vore spela friluftsteater der. Sist på 40- og først på 50-talet var Baståsen ein fast møtested for ungdommene i sommerhalvåret. Her blei det både sparka løkkefotball og drive med friidrett. Rundløypa er skilta m/sola

Adkomst

Du kan kjøra på Stokkabekkvegen til Saga på Mækjebakken. Du kan starte frå saga på Mækjebakken, ved Ekornsætre, Foldrøy (Sætre) eller Oldereid.

Stoppesteder

Linker