Norddalsfjord Gravplass til Haukåbøra / Børa. Skitur

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 10.029 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 5 timer
Gradering: Ekstra krevende
Høydemeter totalt: 1459
Sesong: Januar - Desember
Område: Fjordane

Beskrivelse

Haukåbøra eller Børa har ei markert form som er lett å kjenne igjen frå andre fjelletoppar eller om ein er langt til havs.

Turen startar frå Gravplassen i Norddalsfjord. Du går opp traktorvegen til Litlevatnet, rundt vatnet, passerer gjennom grinda og tar av mot stien som går opp til venstre. Det står eit skilt som viser til Øyrelægda og Haukåbøra. Gå opp Øyrelægda og vidare til Hestedalen. Du har då Gløsen på høgre side og Litle Børa til venstre. Vidare oppover litt til venstre, men på høgre sida av elva vidare opp til Haukåbøra. 

Det 1065 m høge fjellet ligg på grensa mellom kommunane (Flora) Kinn og Bremanger. Utsikta frå toppen er svært god med øyane og havet i vest, Hornelen i nordvest, Ålfotbreen i aust, Blægja i sør og Alden i sørvest.

Sporet på kartet er gått 08 03 22 og er ei rettesnor. Sporet på kartet går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

Tenk sikkerhet, ha respekt for vind og vær og sjekk snøskredvarsel på varsom.no før du legger ut på tur!

God tur!

Adkomst

Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare Fv 544 til gravplassen i Norddalsfjord

Stoppesteder

Linker