Liatårnet frå Haganes

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.37 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 828
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Det høgaste fjellet i Øygarden er eit populært turmål, med utsikt i alle himmelretningar. Det er fleire startpunkt, men her tek me utgangspunkt i stien som følger Nordsjøløypa frå Haganes. Følg vegen nokre hundre meter tilbake etter parkering. Stistart i svingen på høgre side av vegen. Følg stien oppover skaret. Ved skilt på toppen av skaret skal ein ikkje følge skilt mot venstre, men fortsette rett fram mot aust. Etter nokre fine små fossefall går stien til venstre. Følg blå/raude merker nordover. Etter eit stykke kjem ein inn att på Nordsjøløypa. Følg denne til toppen. Bratt stigning siste del opp mot Liatårnet.

Andre startpunkt er parkeringsplassen ved Fjell Festning (Tellnesskogen), frå Li eller frå toppen av Bildøybakken.

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen. Les meir om Kystpasset under Lenker.

Viktig å vite når du går på tur:

Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt når du ferdes i naturen.

Adkomst

Følg riksveg 555 til Tellnes, hvor det er skiltet til Haganes (ta av mot øst). Kjør ca 2 kilometer i retning Haganes til du ser Nordsjøløype-skilt på venstre side av veien. 100m forbi dette er det grusbelagt parkeringsplass på høyre side av veien.

Stoppesteder

Sjå bussruter på skyss sin reiseplanlegger for Tellnes.

Linker