Svanøy Våg til Vågsfjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.735 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 326
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Vågsfjellet 225 moh er den høgste toppen på øya Svanøy. Toppen er delt i to, ein i nord og ein i sør, med eit lite tjern og myrområde i midten. Toppen i nord er Vågsfjellet Utsiktspunkt.

Du har to startalternativ for turen til og eventuelt over toppen frå Våg:

Startalternativ 1: Frå rutebåtkaia i Svanøybukt, følg asfaltert hovudveg Biskop Svanesveg i 3,4 km til Våg. Her ligg nedlagde Svanøy skule, no renovert til fritidsbustad. 50 meter vest for skulen er skilta til venstre til Vågsfjellet. 

Følg blåmerker og delvis sti ca 300 meter til du passerer ei lita elv. Herfra er det bratt oppover. Eit lite parti er det både bratt og glatt, så her er det ein fordel å ta hendene til hjelp. Midtvegs eit lite flatare parti før bratt stigning igjen. 

På toppen av bratta kjem du inn på stien frå Kvalstad, ta til høgre og følg stien i lett terreng bort til Vågsfjellet Utsiktspunkt.

Startalternativ 2: Frå rutebåtkaia i Svanøybukt, følg asfaltert hovudveg Biskop Svanesveg i 4,4 km til der ein traktorveg tar mot venstre vestover. Her er skilta til Vågsfjellet via Snarstegane.  Følg traktorveg ca 200 meter, ta til venstre og følg delvis synleg sti over flatt myr/skogsparti.

Etter omlag 150 meter passerar du ei lita elv nede i ein bekkedal. Herifrå er det bratt oppover. Midtvegs er det eit litt flatare parti. Deretter kjem du inn i ein dal med høge fjellskrentar på alle sider. Her skal du ta skarpt til venstre opp eit bratt skar (Snarstegane), og det er ein fordel å ta hendene til hjelp eit lite parti.

På toppen av skaret har du no nydeleg utsikt både vest, nord og aust. Følg vidare mot aust på høgdedrag og skrånande terreng mot toppen Vågsfjellet Utsiktspunkt.

Sporet på kartet er gått mai 2022 og går frå A til B, altså over toppen frå startalternativa. Hugs å legge til tid for retur på vegen attende til rutebåtkaia.

God tur!

Adkomst

Stoppesteder

Rutebåt til Svanøybukt Eigen båt til Svanøybukt og Kvalstad

Linker