Kvanngrødfjellet frå Ullebø

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.548 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 607
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Det er merka sti heile vegen frå Ullebø til Kvanngrødfjellet. Turen startar frå Ullebø bru og går på skogsveg før den held fram på sti innover Ullebødalen. Etter at ein kryssar Jytteelva, blir det noko stigning opp Tverrlia. Her møtast stien frå Ullebø og merka tursti som går opp Småliane frå Vika frå austsida av Røyrvikvatnet. Stien held fram med noko stigning. Stien deler seg på høgda før Ullebøstølen. Velg stien som går til venstre vidare opp i høgda.

På høgda flatar det ut mot Fjellsendevatnet. Frå Fjellsendevatnet blir det noko stigning på austsida av Skredbotnvatnet mot Kvanngrødfjellet. Kvanngrødfjellet byr på flott utsikt i alle himmelretningar.

Turtid: ca. 2,5 - 3 timar ein veg. Berekn ca. 5 timar på turen tur/retur.