Fjellskitur i området mellom Oppheim og Raundalen

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 20.287 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 792
Sesong: Februar - April
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Startpunkt Markusteig gå over brua gå omlag 100 m nordover før ein tek av, og går opp forbi ei gamal løe. Gå i god stigning opp til Groastølen og vidare opp til Flatafjellet. Her har du god utsikt mot Raundalsryggen. Om du vil korte ned turen kan du skri ned på Remlo.

Frå Flatajellet går du mot baksida av Vetlanosi, herifrå svingar du mot Fyrjo. Frå Fyrjo fylgjer ein vegen ned til Kvitno. Frå Kvitno går ein opp til Fjosestølen, herifrå fylgjer ein myrane mot Helgaset. NB ikkje fylg vegen i frå Fjosestølen mot Helgaset pga stor rasfare. før bakkane opptil Helgaset tek ein av og går ned mot Helgasetvatnet fylg vatnet til endes, er ikkje isen trygg kan ein gå over ei bru like nedom utosen av Helgasetvatnet. fylg austsida av Langedalen ned til Langedalsstølen, her kryssar ein elva att og går opp til vegen att, og ein fylgjer denne ned til parkeringsplassen ved Markusteigen.

Turen kan også gå med startpunkt Ospehaugen/Kvitno.

Adkomst