Solheimskulten og Kjerring frå Aven

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 13.635 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 7 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 962
Sesong: April - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dette turforslag har Aven som start og endepunkt. Frå E39 i Avenbukta følgjer du grusvegen ca. 350 meter til svingen ved skogholt. Her er det skilta til Solheimskulten. Følg gamal veg lang Storelva eit stykke. Når stien tek av frå denne gamle vegen innover dalen, finn du ein stein med pil på. Stien kan utover sommaren bli noko overvokse med gras og bregner oppover mot Furåsen.

Frå Furåsen og opp til Heimestølen, ca. 520 moh, går stien mykje i bjørkeskog og noko stein/steinheller. Det er nokre elvar som skal kryssast på strekninga. Ved stor vassføring, kan eit par av elvane vere utfordrande. Frå Heimestølen følgjer stien oppover mot Avestølen.

Etter Avestølen kjem ein til stidele der stiane til Solheimskulten og Kjerringa deler seg. På denne turomtalen har vi gått til Solheimskulten først og gått tilbake til stidele og gått vidare til Kjerringa. Frå Kjerringa er det same vegen tilbake til stidele og vidare same vegen tilbake til Avestølen og vidare ned til Aven.

Det er god utsikt frå både Solheimskulten og Kjerringa, og på returen ned mot Heimestølen får ein eit godt utsyn ned mot Avenbukta og Sognefjorden.

Berekn ca. 7 timar på turen og legg til noko tid for eventuelle pausar.