Longåsdalen (207 m.o.h.) via Brekkå, frå Rossabøvegen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.007 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 268
Sesong: Hele året
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Følg gardsveg frå parkering til siste sving før gardstun, ta til høgre inn på traktorveg og følg merka traktorveg til vegen deler seg. Ta til venstre, følg merka traktorveg opp til skog. Følg merka sti gjennom skog og over til tversgåande tursti. Her kan ein gå både til Vassnuten (venstre) og Longåsdalen (høgre).

Første halvdel er sauebeite/traktorveg med flott utsikt og ope landskap, nokre bratte parti. Noko myrlendt gjennom skogen og oppe på flaten.

Husk båndtvang og lukk grinder!

Adkomst

E134 til Rossabøvegen som ligg mellom Isvik og Knapphus. Kjør oppover ca 500 meter mot Rossabøvegen 77, til skiltet parkering. Her finn du info.tavle og kart over turane som startar herifrå.

Stoppesteder