Rundtur Hereid

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.005 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 132
Sesong: Hele året
Område: Hardangervidda

Beskrivelse

Nyt en rundttur rundt Hereidsterrassen med flott natur, geologi og kulturminner.

Hereidterrassen ruver i landskapet der han ligg med sine 100 m over ein av sidearmane til Hardangerfjorden. Terrassen utgjer ei flate som strekkjer seg frå fjorden opp til Eidfjordvatnet. Det er ei israndavsetjing med iskontaktskråning mot vatnet og bratte terrassekantar mot elva Eio og fjorden. Mot nordaust ligg fjellveggen.

På Hereidterrassen ligg eit av dei største gravfelta frå yngre jernalder i Noreg. Dei største felta ligg i furuskogen og delvis i bjørkehagen, det er ca. 350 gravhaugar frå år 400-1000 e.Kr. På dyrka mark nordvest på terrassen er det også røyser, men mange har truleg vorte rydda bort som følgje av oppdyrking. Dei fleste haugane er små medan nokre er opptil 20 m i tverrmål og har tydelege fotkjeder.

Løypa startar i sentrum av Eidfjord. Ein kan gå gjennom bustadfeltet inn på ein grussti inn til Eidfjordvatnet. Her er det flott utsikt med fjell og vatn. Ei langstrakt ferskvannstrand kan frista ein varm somardag, vatnet kaldt og friskt fjellvatn. Videre stig ein 100 meter opp, og går over Hereid. Dette er eit flatt platå med jordbruksdrift. Når ein kjem mot kanten mot fjorden, vandra ein gjennom eit bustadfelt ned mot sentrum igjen. 

Det er fleire informasjonsskilt langs løypa.

Adkomst

Parkering i sentrum.

Stoppesteder

Benytt buss 991 til Eidfjord.