Trodlakyrkja ved Brekkevatnet frå Lånefjorden, 690 moh

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.128 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1170
Sesong: April - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Trodlakyrkja er ein stor stein som står noko sør for Brekkevatnet. Brekkevatnet ligg på 667 moh. 

Det er merka sti til Trodlakyrja frå Lånefjorden. Stien startar på høgre side av vegen ved ei utkøyring med eit par stolpar og postkassar, ca. 900 meter mot Koldingsnes frå fylkesveg 55 i Lånefjorden.

Stien følgjer stølsvegen mot Brekkestølen ved Brekkevatnet. Stien snor seg oppover lia beståande av lauvskog og kryssar Brekkelvi tre gonger på oppstigninga. Litt over første elvekryssinga, kjem du til Hellegalden . Her har Nesse grendelag ein trimpost. Over tregrensa er det fin utsikt ned til Lånefjorden og fjella som omkransar bygda. 

Retur same vegen. Berekn ca. 2 timar Lånefjorden til Trodlakyrkja, ca. 4 timar tur/retur.

Adkomst

Frå fylkesveg 55 i Lånefjorden, tek du av til Koldingsnes. Køyr ca. 900 meter. Det er ei utkøyring på sjøsida der det står eit par stolpar og postkassar. Nokre meter lengre framme er det veg opp til hus.