Type: | Fottur |
Lengde: | 13.57 km |
Turen går: | Rundtur |
Varighet: | 5 timer |
Gradering: | Middels |
Høydemeter totalt: | 1144 |
Sesong: | Juni - September |
Område: | Jotunheimen Ottadalen landskapsvernområde Tafjordfjella og reinheimen |
Ein tur i Olav den Heilage sine fotspor inn i Finndalen landskapsvernområde mot Reinheimen nasjonalpark.
Fylg ruta til "Tronoberget / Geitupphøe" frå Vassvaglen i Lom sentrum. Stigen er skilta "Olavsråket". Du går opp over Tronoberget og vidare innover til du er på aksla rett under Geitupphøe. I stikrysset her tek du nå rett fram (gul merking). Stigen går no i nordvestleg retning, slak oppoverbakke til høgste punktet på turen ved Øvre Bergetjønn (1060 m.o.h.). Langs stigen slakt nedover mot Stavåsen kan du nyte utsikta vestover mot Skjåk. På Stavåsen møter du den eldgamle ferdselsvegen frå Lesja som Olav den heilage kom i året 1021. Her står no ei minneplate om Olav den Heilage. Denne vart avduka ved 1000-årsminne om hendinga i 2021. Frå Stavåsen ved til Ottaelva er det sett opp nokre informasjonspunkt om denne ferda. Stigen fylgjer her den gamle setervegen. Siste delen av turen går i lett tereng langs vatnet attende til Tronoddbrua.