Templane frå Nedre Lavikdal

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.89 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 420
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar ved avkøyringa til Mølmesdal, nær grendehuset på Nedre Lavikdal. Det er varda og merke sti frå parkering og opp til Templane. Det kan vere nokre blaute parti før ein kjem opp og følgjer fjellryggen til topps. Templane ligg på 483 moh. Jamn stigning. Frå toppen er det flott utsikt vestover til Lihesten, Alden og øyene Værlandet og Bulandet i klårvêr.

I sommarsesongen går det beitedyr i området. Hugs å lukke igjen grinder i starten av turen.

Turtid: ca 1 time frå parkering til Templane. Tur/retur: ca. 1,5 - 2 timar

Adkomst

Køyr frå Lavik mot Lavikdalen i ca. 7 km. Ta av i krysset til Mølmesdal, køyr ca. 50 meter. Her er det ei lita utkøyring/parkering. Herifrå er det skilta og merka sti til Templane.