Høganhaug, 787 moh, frå Nessane

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.724 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 906
Sesong: Hele året
Område: Fjordane Kvist naturreservat

Beskrivelse

Turen startar frå parkeringsplassen i svingen ved Nesse Oppvekstsenter. Følg vegen oppover ca. 60 meter. Gå vidare rett fram på skogsveg. Her er det merka sti til Høganhaug. Turen går mykje i bjørkeskog. På ca. 480 moh kjem du til Sunndalen som er støl for Ytre Nesse. Her er fleire murar etter tidlegare stølshus. Over skoggrensa har ein utsikt utover Sognefjorden meir eller mindre heile vegen til toppen av Høganhaug.

Turtid: ca. 2 timar frå parkeringsplassen ved Nesse Sambrukshus til Høganhaug. Turtid tur/retur ca. 3,5 - 4 timar.

Adkomst

Ta av frå fylkesveg 55 på Nessane til Ytre Nesse og køyr ca 120 meter til parkering i svingen ved Nesse Sambrukshus.