Rundturar om Elgjestraum, Vassenden og Hølen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 19.978 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 10 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 2059
Sesong: April - Oktober
Område: Dalane

Beskrivelse

Mange meiner med god grunn at turen rundt Elgjestraum er blant dei aller mest innhaldsrike og spennande turane i Dalane. Kombinasjonen av rik kulturhistorie, vakkert landskap og sjeldan botanikk både på hei og langs vassdrag, godt lokalklima, variert geologi – og ikkje minst, to spesielle stiar på stålstenger bora inn i loddrette fjellsider over det djupe vatnet.

Ein så innhaldsrik tur krev ein ordrik omtale. For at du ikkje skal gå deg vill blant ord, er sjølve omtalen av turen relativt kortfatta. Dei som ynskjer å komma noko under overflata, finn fem tema etter omtalen. Vel dei som interesserer deg.

Sokndal kommune har saman med Statens vegvesen og frivillige gjort ein fantastisk jobb med denne turen. Samanraste bruer er utbetra, stiar er rydda og merka og informasjonstavler er sette opp. Men, fleire vegvisingsskilt og betre merking vil gje turen ein viktig prikk over i-en.

Omtale av rundturane frå Løtopt til Elgjestraum, Vassenden og Hølen

Fleirtal er brukt då det er fleire alternativ som vist på kartet:

· enten langs Steinsvatnet på stålstenger eller over Upsene (alternativa 1.1 og 1.2)

· enten over Krossheia eller i Toksa-Rossdal (alternativa 2.1 og 2.2)

Vel du kombinasjonen av alternativa 1.1 og 2.2 er turen 9-10 km. Den same lengda gjer kombinasjonen av alternativa 1.2 og 2.1. Høgdeprofilen, tidsbruken på 10 timar og lengda på 20 km gjeld for to rundturar med dei nemnde kombinasjonar av alternativ.

Turane kan sjølvsagt gås mot eller med klokka. I denne omtala vel me å gå mot klokka. 

Kartet og GPS-spora viser blindtarmar ved a) Grunndalen og i b) Gildredalen. Dei er a) avstikkar mot eit utsiktspunkt og b) starten på vegen mot Dufjell.

Start frå parkeringsplassen ved Løtopt

Følg vegen 350 m nordover ned til Steinsvatnet. Her finn du dei mykje omtala stålstengene som sjølvsagt er avbilda også i denne omtalen. (Meir om stålstengene i tema nr. 1 som du finn etter denne turomtalen). Etter 45 m på stålstenger følgjer du stien eit par hundre meter. Der ser du skulehuset på den andre sida av bekken. (Les meir om skulehuset på Store Åmdal i tema nr. 2. Det blei bygd i 1922 og nedlagd i 1950 då det berre blei nytta av ein familie.)

Du er nå ved fyrste stidele, mellom alternativa 1.1 og 1.2, sjå bilete av skulehuset.

Fleire stålstenger (Turalternativ 1.1)

Tar du til venstre opp framfor skulehuset, finn du snart fleire stålstenger bora i bratt fjell langs Steinsvatnet. På desse stengene er solid plank montert og desse er mindre utfordrande enn stålstengene nemnd over.
Ved særleg høg vasstand i Steinsvatnet, må du va på opplødd stein nokre meter på stien vidare mot Grunndalen og Elgjestraum. Har du dårleg tid eller vil unngå bratt, men kort nedstigning frå Upsene til Grunndalen, kan du velgje dette alternativet.

Upsene (Turalternativ 1.2)

Fylgjer du dalen mot garden Store Åmdal er du på veg mot Upsene. I god tid før du når innmarka på garden følg du skilt som leier deg oppover til venstre. Bilete viser det naturskjønne alternativet du har framfor deg.

Et par bilete viser ei steinhytte med ei stor steinhelle som tak. Slike hytter blei nytta som sommarfjøs. Dyra blei bundne fast i hytta under mjølking. (Meir om patriotar som nytta steinhytta under flukt frå Gestapo i tema nr. 3.)

Som kartet viser stig fjellet stupbratt opp frå Grunndalen til Upsene heilt frå Steinsvatnet til Geiskåna. Stien finn beste nedstigning, men går bratt ned langs bekken som i dette terrenget dannar ein høg foss. Stien kryssar Grunndalen over til kjerreveg som du fylgjer til Steinsvatnet. Går du motsett retning med klokka, må du vera vaken for å finna merkinga som viser når du skal ta av kjerrevegen, sjå bilete.

Dei to turalternativa møtes i Grunndalen ved Steinsvatnet.

Frå stimøtet fylgjer du kjerrevegen langs Steinsvatnet til Elgjestraum bru ved det gamle klyngetunet på Elgjestraum-garden, sjå tema nr. 4. Der kan du m.a. lesa at dei tre siste bruka på garden blei fråflytta i perioden 1948-50 og at det hundre år tidlegare budde 38 personar på garden.

Elgjestraum bru ligg ved den gamle hovudferdsleåra frå Sogndalstrand om Hølen og Vassenden til Eide i Heskestad, tema nr. 5. Ved Eide blei den knytt til Den Vestlandske hovudveg. Elgjestraum bru blei bygd på slutten av 1800-talet. I tema nr. 5 vil du kunne lesa om brua, øydelegging av den og seinare oppbygginga utført av Sokndal kommune og Statens vegvesen. Vegvesenet har gjort eit imponerande arbeid både med å registrera og utbetra vegminner i hovudferdselsåra.

Kjerrevegen er godt synleg frå brua og inn Gildredalen. I seinare tid er rundt 100 m av vegen påført sprengt stein frå dyrking eller treplanting? slik at vegen ser ut som ein rydningssteingard. Restane etter vegen blir etter kvart delvis borte i eit myrlendt landskap. Mot Vassenden i enden av Steinsvatnet/Eidsvatnet går turvegen igjen på ein fint oppbygd veg over ur.

Ved Vassenden ser me restane etter tre båtstøer. Den første høyrde til husmannsplassen Vassenden under Elgjestraum. Tuftene etter plassen ligg djupt inne i granskogen og tydeleg oppbygd gardsveg fører frå støa opp til tuftene, som du finner etter 150 m. Frå tunet har det vore eit fint utsyn før planteskogen tok makta og endra landskapet. Men dei levde ikkje av utsyn og småmurar finnes over alt for å for å nytta naturgrunnlaget optimalt. Tilhøva på bruket kommer fram gjennom uttrykket: «Det var knadje i Vassenden før bæran kom.» Ungane frå Store Åmdal rodde i si tid til Vassenden for å plukka blåbær, og blåbærkan me framleis hente der.

Dei to andre båtstøene finn du 60-70 m aust for den fyrste. Dei var viktige element i den gamle hovudferdsleåra og blei brukt av reisande med tilgang til båt. Andre måtte gå. Meir om det i tema nr. 5.

Frå munninga av Steinsvatnet renn ånå mot Sogndalstrand. Du fylgjer ånå og etter 150 m passerer du eit steingardliknande anlegg ute i ånå, kanskje ein stad dei dreiv med ålefangst? Du ser òg rester etter kvernar i ånå. I ei lita vik finn du rester av eit ikkje fullført veganlegg. Frå kvar side ligg uferdige vegbitar med bredde på 3,4 m, mot dei vanlege 2 m. Mellom vegbitane manglar 10-15 m. I området finn me òg andre spor etter vegutbetring. Blei arbeidet avslutta då det blei bestemt at ny veg skal byggjast i dalføret lengre vest?

Ei svær storsteinur tvang vegbyggarane til å krysse ånå. Indre Hølabru er ei flott fireløps steinkvelvsbru som fører vegen over til vestsida av ånå. Brua er ein av tre som blei bygd i 1840 som del av hovudferdsleåra, jf. tema 5.

Vidare til Hølen er vegen ganske godt bevart.

Like før Hølen når du andre stidele, mellom alternativa 2.1 og 2.2.

Krossheia (Turalternativ 2.1)

Idet du får auga på Hølen bru leier dette alternativet deg bratt opp mot venstre, sjå etter skilt. Men før du tar fatt på stigninga bør du bruke noko tid ved Hølen med Hølen bru, for å oppleva idyllen og kulturminna, sjå under turalternativ 2.2 og tema nr. 5.

Stien stig bratt frå 145 moh til 205 moh. der du får pusten igjen. Høgaste del av stien ligg på 300 moh. Ønsker du endå betre utsikt, kan du forlate den merka stien og gå mot nord over høgda på 318,2 moh.

Botanisk interesserte (og andre) vil kunne finne den sjeldne planten Klokkesøte på denne heia. Grenseområdet Agder-Rogaland er kjerneområdet for planten. Den er i tilbakegang og er ein raudlista art.

Stien fører deg til Løtoptvegen og derfrå er det ein halv km å gå tilbake til parkeringsplassen.

Toksa-Rossdal (Turalternativ 2.2)

Hølen var eit viktig vegkryss. Ved dette knutepunktet ligg óg tufter etter hus og løe/fjøs frå ein husmannsplass og ruinane etter ei vadmålsstampe driven med vasskraft. Ved stampinga blei ullklede valka eller tova til vadmål og dei blei tettare og varmare. Tøystampen utnytta vasskrafta til å stampe tøyet ved å løfte og sleppe ned tunge stokkar på store ullstoff som låg i trau med vatn. Stampemølla var i drift heilt til hundreårskiftet 1800-1900 og at det skal ha vore opptil 17 menneske i arbeid.

Den flotte brua kan du lesa om i tema nr. 5.

Hovudvegen held fram sørover mot Ørsland og Bakka bru. Har du ikkje fått nok vegminner, kan du gå vidare til Ørsland og Bakka bru, som ikkje er del av denne turen. Til den inste garden på Ørsland (fråflytta i 1960-åra) er store delar av vegen i ganske god stand. Me passerer restane etter eit gardstun med grunnmurar av kraftig stein. Vegen går vidare om gardane Bakka og Ørsland. Stort sett er vegen eller konturane av vegen godt synleg. På vegen til Bakka bru går me over ein klopp som er rast saman og bak skulehuset som var i bruk til ca. 1960. Bakka bru blei truleg bygd før 1840 og er i god stand. Brukarene er bygd av naturstein med steinheller over bruspennene.

Frå vest kjem ein gamal veg inn frå Barstad. Turalternativ 2.2 fylgjer ein sti austover gjennom Toksa-Rossdal mot Ålgård. Vegen er ikkje steinsett, her er bare eit gammalt, velbrukt tråkk. Området er tilplanta med gran og det er nyttelaust å finna tråkket nå.

Etter ein km går stien inn på Toksavegen som er bygd for fritidsbustader. Garden Toks blei fråflytta då Mikael med familie flytte til gnr. 4 på Elgjestraum i 1912.
Før Langemyr, etter ein halv km på Toksavegen, tar du av til venstre, sjå etter merker og skilt. Følg stien til Løtoptvegen som du fylgjer 1,6 km til parkeringsplassen.

Stålstengene, tema nr. 1

Store Åmdal fekk traktorveg på slutten av 1970-talet og bilveg ti år seinare. Før desse vegane måtte folket på Store Åmdal gå eller køyra med slede 1,3 km sørover til Løtoptvegen. Karl Magnus Tønnesson blei fødd på Store Åmdal i 1915. Karl budde m.a. på Store Åmdal og Elgjestraum. På 1960-talet bora Karl borstål vassrett inn i det stupbratte fjellet mellom Løtopt og Store Åmdal. Som sikring for gange på stengene er metallnett montert både på stengene og som rekkverk. Ferdsla for folket i Store Åmdal blei langt enklare etter tiltaket. I den seinare tid er stengene blitt eit attraktivt mål for turfolk. Kjensla av å gå på stålstengene og sjå ned i det djupe vatnet er spesiell.

Over 50 år seinere blei eit nytt stålstangprosjekt fullført. Det har alltid vore ein tanke å forlenga stålstangprosjektet heilt til Elgjestraum, seier brørne Hamre med bakgrunn frå Løtopt. Dei har gjort ein imponerande dugnadsinnsats. Meir enn 100 m ny «bru» er bygd, med solid dekke produsert av 5 cm tjukk plank. Prosjektet blei opna skjærtorsdag i 2019.

Skulehuset på Store Åmdal, tema nr. 2

Omgangsskule var ei utdanningsform der lærarane reiste rundt i heimar og gav barna undervisning på omgang. Fastskulelova frå 1860 tvinga herada til å etablere permanente skular som skulle erstatte omgangsskulen. Dei fleste bygdene hadde ikkje faste skulehus - undervisninga gjekk føre seg på omgang rundt om på gardane, som fekk pålegg om å halde læraren med mat og hus og elevane med klasserom.

Skulehuset på Store Åmdal blei bygd så seint som i 1922. Skulen tente Elgjestraum, Løtopt og Store Åmdal. Huset ligg ved Steinsvatnet, tilpassa transport over vatnet. Fine, stille sommardagar og klare, kalde vinterdagar med trygg is var nok skulevegen ein god oppleving. Men i periodar med utrygg is eller uvær har nok turane over fjellet vore ein påkjenning for skuleborna.

Læraren veksla mellom to skular, Store Åmdal og Bakka ved Bakka bru. Han var to veker på kvar skule. Fråflytting ramma også skulen. Den blei lagt ned i 1950 då det bare var igjen fire jenter i skulealder frå ein familie. Dei budde på Store Åmdal og fekk ein ny, lang, bratt og til tider glatt og mørk skuleveg til Ålgård (i Sokndal). Også denne familien flytta frå skulekrinsen i 1956.

Skulehuset blir no nytta som fritidsbustad.

Steinhytta, på flukt frå Gestapo, tema nr. 3

Det fredelege sommarfjoset, som hadde vore godt å ha under mjølking, fekk oppleva dramatiske timar under slutten av krigen.

Med heltemodig hjelp frå familien på garden på Birkenes bygde motstandsfolk skjulestad i Gjeiskåndalen, 1500 m nord for steinhytta «vår». Motstandsgruppa Vestige IV med leiar Alf Aakre hadde behov for ein skjult stad med godt utsyn som låg bra til i området der dei skulle jobba. Den enkle trehytta blei på det meste brukt av 10-11 patriotar. Dei hjalp gardsfolket med å bygga kvernhus og kona nytta mjølet til å baka store mengder brød og potetkaker. I tillegg hjalp familien patriotane med annan mat og andre ting dei trong.

To angjevarar skaffa seg kunnskap om skjulestaden. Natta til 20. april 1945 omringa Gestapo området rundt Steinsvatnet. Dei fem patriotane i hytta blei vekte av Jens, yngste sonen på Birkenes. Han blei sendt opp til hytta etter at familien hadde blitt varsla av naboar med telefon. Gestapo angreip frå vest, nord og aust. Angriparane frå sør var forsinka. Det utnytta motstandsfolka, og under flukta blei steinhytta «vår» brukt fleire gonger. Dei kom seg unna og møtte som avtalt på garden Gjersdal i Lund kommune. 17 år gamle Jens flykta sørover over Upsene og Krossheia mens han skjulte seg for tyskarane. Han kom seg til Vassenden, kryssa ånå og tok nordover over Dufjell. Også der trefte han soldatar og gøymde seg i ei høyløe. Då han kom nord til Steine, såg han at tyskarane forlèt garden. Han fekk mat av ein gardbrukar og mot natta blei han rodd heim til Birkenes.

Hardast ramma blei familien på Birkenes. Sonen Martin fekk hard medfart av nazistane då dei var på Birkenes. Han blei òg forhøyrd fleire gonger etter at han blei sett inn i fengselet i Stavanger. Resten av familien var i skjul ulike stader resten av krigen. Heimen blei øydelagd.

Elgjestraum-garden, tema nr. 4

Kartet, som du finn blant bileta, viser dei fire bruka i klyngetunet på Elgjestraum, slik dei blei avgrensa ved utskiftinga frå 1868. Før den tid var jorda til bruka fordelt på eit utal små teigar. I tillegg til dei fire bruka høyrer bnr. 6 Vassenden, som ligg lenger sør, til Elgjestraum. Vassenden blei eigd av bnr. 1 og driven av husmenn.

Etter Svartedauden blei Elgjestraum rydda og busett på ny på slutten av 1500-talet. Områda rundt klyngetunet består av flate sletter godt eigna for landbruk. Det er òg flate område og gode slåttebakkar i Grunndalen. Gode slåttebakkar var det òg i bakkane på andre sida av brua.

Endre Larsson blei ein svært gamal mann på Elgjestraum og blei nemnd som «formuende bonde» i 1634. Han var lagrettemann og domsmann i mange saker, og må ha vore ein respektert mann sidan han representerte Sokndal på Lagtinget i Stavanger.

Me skal fylgja folket på bruka frå folketeljingane i 1865 til 1920. Folkemengda hadde slik utvikling i desse folketeljingane: 38 personar i 1865, 33 i 1875, 16 i 1900, 16 i 1910 og 17 i 1920.

Bruk nr. 1 (og bnr. 3)

I 1865 var den 21-årige ugifte Salve leiglending på bruket. Med Salve hadde bruket vært i familien i tre generasjonar. Foreldra, Ole og Severine i 50-60 åra, hadde føderåd. Dessutan budde seks av søskena til Salve på bruket. Ei syster budde saman med dottera. Ein bror, Simon Andreas, budde saman med kona som kom frå bnr. 4 og deira to born. Denne familien flytta til bnr. 6 Vassenden. Tretten personar budde på det vesle bruket.

I 1875 er Salve blitt sjølveigar som lever med kone og dotter. Han eig òg bnr. 6 Vassenden. Foreldra har framleis føderåd og den yngste broren er ugift tenestegut.

I 1900 har Salve og kona fått føderåd av dottera Sine og svigersonen Peder. Bnr. 1 og 3 er slått saman og Peder står som gardbrukar og sjømann. Saman med dei bur òg den andre dottera til Salve, Semine. Ho skal seinare bli gift til bnr. 4.

Ti år seinare har Peder og Sine tatt til seg to born etter å ha opplevd to daudfødslar. Salve er blitt enkjemann.

Salve har føderåd òg i 1920. Det tredje fosterbarnet, Dagny, er på plass i familien. Peder har vårsildfiske som binæring.

Sine, Peder og Dagny budde ei tid i ein del av huset på bruket. Samtidig budde Karen og Karl Magnus Omdal i den andre delen. Karl Magnus er mannen bak stålstengene mellom Løtopt og Store Åmdal.

I 1949 blei Sine sendt til gamleheimen på Hauge pga. helseproblem. Ho døydde 5. februar 1950. Då Peder blei sjuk og døydde 30. desember 1950, kom Dagny på gamleheimen. Dei blei dei siste som flytta frå Elgjestraum. Dagny døydde 12. april 1955, nesten 40 år gamal.

Bruk nr. 2

Den 35 år gamle Niels var sjølveigande gardbrukar i 1865. Han budde saman med kona Berte, døtrene Inger og Johanne og tenestejenta Ane.

I 1875 budde familien saman med Maria, registrert som legdslem. (Legd var fattigstellet på landsbygda i Norge fram til 1900, eit system der gamle og sjuke, som ikkje hadde eigen familie til å sørga for seg, blei sendt på omgang mellom bruka. Opphaldet på kvar gard kunne vare i eit par veker, og ein person som ble forsørga ved legd blei kalt for legdslem.)

I 1900 er Niels blitt enkjemann og bur saman med dei ugifte døtrene.

Niels er føderådsmann i 1910. Tollef, som er gift med eldste dottera, er gardbrukar og dei har ein son og ei dotter.

I 1920 bur Tollef og Inger saman med borna Betsine og Nelaus.

Betsine giftar seg med Ommund og dei får tre barn før dei flyttar frå Elgjestraum i 1937.

I 1948 flytta dei siste frå bruket.

Bruk nr. 4 (og bnr. 5)

Ommund er 50 år, sjølveigande gardbrukar og gift med Anna i 1865. Han tok over bruket etter faren, som eldste son. Dei har alle fem borna i heimen i 1865 saman med mor hans, som har føderåd.

I 1875 består familien av Ommund, Anna, tre born og Rasmus Nilssen Steine på 12 år. Rasmus har familiestillinga fattiglem. Rasmus blei fødd på Steine i Lund og både mora og broren døydde som fattiglemmar. Rasmus blei landhandlar på Heskestad i 1894 og fekk seinare gard på Møgedal på Helleland.

I 1900 har den ugifte sonen Andreas tatt over som gardbrukar. Foreldra er døde og han bur ilag med tre av sine fire systrer. Den fjerde er gift til Løtopt.

Andreas døydde like før folketeljinga i 1910. Folketeljinga oppgjer ein ugift Oskar Hansen som gardbrukar. Oskar var frå Løtopt der han hadde odel på bnr. 1 etter at ein eldre halvbror blei sparka ihel av ein hest i USA! Dei tre systrene bur på garden som tenarar der oppgåvene er kreaturstell for ei og husleg arbeid for dei to andre.

I 1920 er sceneskiftet fullstendig. Dei tre ugifte systrene finn me sør på garden Kjelland i Sokndal. Dei bur ilag med ei 80 år gamal enkja som har formue som yrkje i folketeljinga. I tillegg budde ei ugift kvinne på garden. Dei fire ugifte kvinnene var alle i 70-åra og dei dreiv med spinning av ullgarn og anna heimehusflid. Oskar giftar seg i 1911, tar over bruket på Løtopt, får 11 born og blir 93 år.

Mikal Tønnesson fødd på Store Åmdal er gardbrukar i 1920 med vårsildfiske som binæring. Det går mange historier om sterke-Mikal òg frå tida han budde på Toks. Toks blei fråflytta då familien hans reiste i 1912. Han var gift med Semine frå bnr. 1. Dei fekk skøyte utan heimel 16. november 1912 og dei flytta med tre born, Anna, Samuel og Maria. Mikal sin far er enkjemann med føderåd.

Seinare fekk Mikal og Semine born på Elgjestraum, Magnus i 1921, Tønnes i 1923 og Anny i 1925. Magnus og Tønnes drukna 30. mars 1931. Dei gjekk på usikker is rundt neset mot Grunndalen.

Samuel blei gift på Elgjestraum med Gudrun frå Løtopt. Han fekk skøyte på bruket i 1931. Eldste sonen fortel til bygdeboka: «Fra mine tidlige barneår i Elvestrøm husker jeg bærplukking med mine foreldre og besteforeldre i Grunndalen. Jeg husker også jeg var med bestemor opp på Dufjell for å melke kyrne. Vi hadde kyr som beitet på Dufjell i sommermånedene. Der, på et sted som ble kalt Trono, hadde vi også sommerfjøs. Det tok en god halvtime å gå opp hit frå Elvestrøm. Bestemor bar melka hjem i en hålk på ryggen morgon og kveld.
Da det ble klart at mine foreldre ville flytte fra Elvestrøm i 1948, måtte også bestemor og bestefar dra.»

Bnr. 6 Vassenden

I 1865 budde to familiar på Vassenden:

Eilert Hansen på 60 år var husmann med jord. Han var fødd på Vassenden. Kona hette Gjertrud og var fødd på bnr. 1 som bror til Ole. Eilert og Gjertrud hadde ei ku og 9 sauer.

Bernt Larsen var 55 år og blei fødd på Elgjestraum. Han var husmann utan jord og arbeidsmann. Bernt blei gift med Elisabet i 1835 og dei hadde i 1865 borna Anders på 13 og Bernt på 9 år. I 1839 fekk Bernt barn med Mette, syster til Gjertrud nemnd over. Både mor og barn døydde under fødselen.
Bernt og Elisabet hadde ikkje dyr. Bernt døydde i 1875.

I 1875 var Simon Andreas Olson frå bnr. 1 husmann med jord. Han var fødd i 1836 som sonen til Ole og gift med Marte som var fødd i 1831. Marte var dotter av Ommund på bnr. 4. Dei hadde døtrene Elen fødd i 1860, Ane fødd i 1864 og Bertine fødd i 1872. Dei budde seinare fleire stader, m.a. på Hølen under Løtopt.

Tollak var ført som gardbrukar i 1900-teljinga. Han var fødd i 1837 og gift med Anne som var fødd i 1846. Hos dei budde dei to yngste døtrene Elise og Jansine fødd i 1888 og 1891.

Me finn Tollak og Anne òg i 1910. Dei blei nå kalt innerstar. Innerstane hadde ikkje jord å bruka, og dei livnærte seg som regel ved å utøva eit handverk eller ved å ta arbeid på gardane.

Plassen Bulægo

På 1700-talet og tidleg på 1800-talet budde husmenn på plassen Bulægo. Plassen ligg eit stykke innafor husa på Elgjestraum og oppe i lia til høgre.

Nathan fødd 1743 og Guri fødd 1742 budde på plassen. Dei fekk ni born.

Nest yngste dottera, Marie, overtok plassen saman med mannen Jon Gabriel som var skomakar. Dei fekk to born. Marie døydde i 1821.

Den gamle hovudferdsleåra frå Sogndalstrand om Hølen og Vassenden til Eide i Heskestad, tema nr. 5

Historia

Ferdsleåra frå Eide i Heskestad sør til Fitja bru har vore brukt i lang tid. Sokndal var eit viktig senter frå gamalt av, og har hatt kyrkje sidan år 1200. Sogndalstrand fekk ladestadstatus i 1798. Sjøvegen blei mest nytta, men for folk i innlandet var nok båtturen over Eidsvatnet og Steinsvatnet og vegen frå Vassenden gjennom Hølen mest høveleg. Ferdsleåra var òg eit viktig bindeledd til Den Vestlandske Hovudveg som gjekk om skysstasjonen Eide. Så vegen til Vassenden og vidare over Steinsvatnet og Eidsvatnet til Eide er svært gammal som gang- og rideveg. Når isen låg trygg på vatna var det stor trafikk. Presten nytta ferdsleåra under visitt til Heskestad kyrkje.

Vegen mellom Vassenden og Fitja bru var i 1838 blant dei første bygdevegane i Stavanger Amt som fekk offentleg tilskott, og blei ein av dei tidlegaste køyrevegane i Dalane. Ved Vassenden ligg framleis båtstøene og vitnar om transport med båt.
Vegen vidare frå Vassenden til Elgjestraum fekk ikkje tilsvarande støtte og blei ikkje utbetra på same måte. Truleg var den mest nytta av reisande som ikkje hadde tilgang til båt. Desse måtte gå over Dufjell og fortsetja på land vest for Eidsvatnet til Eide.

Dagens fylkesveg mellom Sokndal og Eide blei bygd i eit anna dalføre i 1861, og trafikken over Hølen blei sterkt redusert. Likevel blei det sett i gang utbetringsarbeid av vegen sør for Vassenden. Over ei vik finnes m.a. ein grovbygd, uferdig vegbit med bredde på heile 3,4 m, mens vegen elles er 2 m brei. Kvifor leggja ned så mykje arbeid, dei spara ikkje meir enn 50 m på omlegginga. Dette viser viktigheita av denne vegen som samferdsleåre i sin tid. Blei arbeidet avslutta på grunn av plan for omlegging av vegnettet?
I 1921 kom ny veg sørfrå heilt opp til Ørsland og då Elgjestraum blei fråflytta i 1950, forsvann all trafikk frå den gamle ferdselsåra.

Vegmiljøet på Elgjestraum

Kjerrevegen i og frå Grunndalen og den imponerande brua er truleg deler av ein internveg mellom Elgjestraum og ferdselsåra Sogndalstrand – Eide. Men det er vanskeleg å forstå at dei busette på garden kan stå bak slike byggverk. Er vegen starten på eit nytt vegprosjekt austover? Eller er det utført med offentleg tilskott?

Enkeltelement

Elgjestraum bru er ein 39,7 m lang kombinert stein- og betonghellebru. Brua har ni spenn med mellom 0,8 og 2,5 m lengde og frå 1,3 til 2,7 m høgde. Over fem av spenna ligg det steinheller, mens det over dei fire andre er støypt dekke av betong. Dei fire spenna har kanskje tidlegare vore av tre, men neppe av stein. I motsetning til dei tre andre store bruene i ferdselsåra har den ingen isbrytarar. Brukara er loddrette og går ikkje utover bruas bredde på 2 m. Elgjestraum bru har ein annan form og utføring enn dei andre bruene, og er truleg bygd seinare av andre brubyggjarar.
På 1960-talet blei del av brua sprengd bort av ein mann som ville sprenga bort ein stein som gjorde løpet for grunt for båten. Men feilrekning ga kjedelege fylgjer.
Med finansiering frå Statens vegvesen og dei beste fagfolka Sokndal kommune kunne få tak i blei brua reparert. Dei brukte minigravar som blei frakta på lekter frå Steine. To av brukara måtte byggjast opp heilt frå grunnen. Det blei så godt som bare brukt opphavlege stein. Brua blei opna for trafikk for 2. gong i juli 2014, 50 år etter øydelegginga.

Indre Hølabru blei bygd rundt 1840. Det er ei steinhellebru på 12 m.

Hølen bru frå 1840 er ein 23 m lang 4-løps utkraga steinhellebru som går over ånå like nord for Hølen. Brua er svakt bua slik at midten av brua er høgare over vassflata enn landfestene. Den har eit fint dekke av gras og torv på steinane. På kvart brukar er det satt opp stabbesteinar/gjerdesteinar. Brukarane mellom dei tre hovudløpa har, i motsetning til brukara på det vestre løpet, fint tilpassa isbrytarar på begge sider av brua. Frå ende til ende måler dei 470 cm, mens brua elles er 260 cm. Hølen bru er ein av dei flottaste steinbruene i Rogaland og den ligg ved andre spennande kulturminne.
Dyktige fagfolk må ha laga brua – dei same som har laga Indre Hølebrua og Bakka bru. Bruene liknar på kvarandre, men Hølen bru er vakrast. Det flotte kultur- og naturlandskapet ved Hølen gjer òg sitt til å forsterka opplevinga av brua. Her er ingen forstyrrande nye bygningar, luftleidningar eller asfalterte vegar. Ein fuglekasse (til Fossekallen?) plassert i løpet mellom dei to brukarane med isbrytarar er det næraste ein kommer moderne bygg.

Kjelder

Adkomst

Køyr til fylkesveg 4242 frå Haukland i Lund til Åmodt i Sokndal. Ved Frøytlog tar du av frå fv. 4242 og fylgjer Løtoptvegen til parkeringsplassen på Løtopt.

Stoppesteder