Leineheia, 573 moh, frå Nordstrand

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.188 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 561
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar ved grind til garden Nordstrand. Stien er skilta og merka. Det kan vere nokre blaute parti før ein kjem opp til Sørestrandstølen. Frå stølen følgjer ein elva oppover mot Ivartjørna, kryssar ved elvemunningen og følgjer fjellryggen oppover til Leineheia. Frå toppen ser ein mellom anna Dyngsøyrstølen på motsatt side av vatnet, Skilbreida.

I sommarsesongen går det beitedyr i området. Hugs å lukke igjen grinder i starten av turen.

Turtid: ca 1,5 time frå parkering til Leineheia. Tur/retur: ca. 2,5 - 3 timar.

Adkomst

Køyr frå Lavik mot Lavikdalen i ca. 8 km. Ta av i krysset til Strandos, Øvredalsvegen, og køyr ca. 2,7 km til nytt kryss. Ta av til Nordstrand og køyr ca. 3,5 km til utkøyring før garden Nordstrand. Her er det ei lita utkøyring/parkering. Herifrå er det skilta og merka sti til Leineheia.