Fjellmannsvegen fra Solknipen til Vormbrokka, Øvrebø

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.476 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 188
Sesong: Hele året
Område: Sørlandskysten

Beskrivelse

Flott tur, se kartet. Godt merket. Tørt underlag.  

setesdalwiki 

Fjellmannsvegen er den eldgamle ferdslevegen mellom Setesdal og kyststroka rundt Kristiansand. Han er også mykje blitt kalla «Dalemannsvegen» eller bare «Dalevegen». Ute ved kysten blei dei som kom frå dalen kalla fjellmenn eller dalemenn, og vegen fekk då naturleg namn etter dette.

Vegen var ein gang-, ride- og klauvveg, og var meir for ein sti å rekne. Han gjekk ikkje nede i dalen slik vegen gjer no, men følgde i staden stort sett heiedraga på vestsida av dalføret. Han var i bruk til den første ordentlege køyrevegen, «Postvegen», blei bygd oppover i Setesdal på 1840-talet. Langs vegen finnast ei lang rekke med kulturminne.

Turløype

Fjellmannsvegen merka ved Røyneland i Hægeland.

Foto: Geir Daasvatn

Fjellmannsvegen har lenge vore kjent. Tidleg på 1990-talet starta Torfinn Normann Hageland eit pionerarbeid med å finne att og merke delar av trasèen. Midt-Agder Friluftsråd blei etter kvart kopla inn i arbeidet, og vidareførte arbeidet til Hageland saman med Vennesla kommune. I dag kan ein vandre i fotspora til dei gamle fjellmennene, i merka løype, heilt frå Slettefet sør i Hornnes til Kristiansand, ei strekning på rundt 53 kilometer.

Fjellmannsvegen i Hornnes

Setesdølar på bytur kom ned frå heia ved Senum, truleg ved Horgeknipen. Så fòr dei sørover Moseidmonane til Birkeland og Fennefoss. Dei kryssa Dåsåna ved Faret og kom til garden Hornnes. Herfrå gjekk vegen vidare til Kjetså. Anten forbi Hornåsen eller over Voilan når elva var så låg at ein kunne vasse over. Frå Kjetså gjekk ein veg vidare om Strauman og austsida av Gullringstjønn til Moi. Ein annan veg gjekk over Hannåsfeltet til Hannåsmoenog Moi. Frå Moi gjekk vegen vidare sørover om Hodneøygard over Lauvåsheia til garden Lauvås i Hægeland.[1]

Fjellmannsvegen i Setesdal

Frå Hornnes fortsatte Fjellmannsvegen (Dalemannsvegen) altså nordover i Setesdal. Han gjekk opp på heia ved Senum. Herfrå følgde han Trældalane og Skomedalen. Han kom ned i dalbotnen ved Ose, gjekk opp på heia igjen ved Uppstad i Hylestad og ned i dalen ved Åmli i Valle. Nord for Hallandsfossen skal det ha vore overro til austsida av Otra.[2] Då hadde byklarane framleis fleire mil å forsere, inkludert Byklestigen, før dei var heime frå byturen.

I Setesdal er dei gamle trasèane ikkje gått opp og merka på same vis som lenger sør.

Adkomst

Parker på Solknipen 

Stoppesteder

Akt Hovden Evje