Blåfjellet 1039 m.o.h. fra Synken i Høyanger

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.11 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 649
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar på ca 600 m.o.h. ved bommen ca 450 m før Synkenhytta ved Bergsvatnet. Her går ein først på grusveg nokre hundre meter, før stien fortset til høgre opp i terrenget med tydeleg skilt. Terrenget går frå lyng- og småskog til meir stein etter kvart som ein bevegar seg oppover. Ein passerer fleire vatn på vegen mot toppen, og det er gode og tydelege raude merker langs heile ruta. Fast, tydeleg og god sti det aller meste av strekninga. Ein stor og flott varde ventar deg på 1039 m.o.h. når du er framme ved målet. 

Adkomst

Frå Høyanger sentrum: køyr mot fylkesveg 55 (Høyangervegen), ta av til høgre opp Hålandsvegen (i krysset står det skilt til Dagsturhytta). Etter ca 700m, sving til venstre opp Fjellvegen mot Siplo Skisenter og fortsett opp om lag 4 km til parkeringsplassen. Fortset å køyre rett fram i omlag 6 km mot Dagsturhytta Synken , stans på høgda før du kjem til hytta. Her er det ein bom på høgre sida av vegen, og ein bl.a parkere på andre sida av vegen for bommen. Ved bommen står det skilt, og dette er startpunkt for fotturen til Blåfjellet 1039 moh.