Sollibotnen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.337 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 766
Sesong: Juli - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen Jostedalsbreen nasjonalpark

Beskrivelse

Turen til Sollibotnen tek deg tett på brelandskapet i vakre Stardalen. Vel oppe ved brevatnet på omlag 1100 moh. hamnar du midt i ein norsk bre- og fjelloase. Bratte mørke fjellsider, iskalde brear og eit turkisfarga vatn omkransa av irrgrønn vegetasjon er stort å sjå for turvandrar-auget. Fargespelet i Sollibotnen på ein godværsdag er mektig sjølv for den erfarne turgåaren! 

Turen startar på skogsveg opp frå Veiteberg. Du går på skogsveg i ca 1,3 kilometer opp omlag 160-170 høgdemeter til du kjem til dammen til kraftverket. Gps- sporet i turskildringa er starta her ved dammen. Du går i flatt terreng vidare på skogsveg innover Veitebergsdalen. Når du kjem til endes på skogsvegen tek du av i nord-austleg retning på sti som tek deg opp mot elva som renn ned frå Sollibotnen. 

Du følgjer sti på sørleg side av elva heile vegen opp. Eit stykke etter at du byrjar å gå opp frå Veitebergsdalen går du i eit parti med open fjellskog. I det skogen minkar vert stien gradvis brattare og brattare. Det er god sti og ingen luftige parti oppover. Du går ca. 2-300 ganske bratte høgdemeter før terrenget slakar meir ut igjen i det som på kartet er namnsett som Sollibotnen. 

I Sollibotnen får du eit rolegare parti å puste ut på før du tek fatt på dei siste høgdemeterane opp. Det er mange fine parti langs elva å raste ved i Sollibotnen. Stien vidare opp mot brevatnet føl ein av ryggane som ligg tett på elva. Ikkje lenge etter at siste motabakken er tatt står du ved brevatnet som ligg omkransa med stupbratte fjellsider, fossefall og brear. Den grøne fjell-vegetasjonen, saman med det turkise brevatnet, er sterke fargekontrastar til dei svarte fjellsidene og dei kvite breane rundt deg. Brearmen i enden av vatnet går vidare opp mot Snønipa, og der del av Myklebustbreen. 

Turen opp tek omlag 3 timar frå fylkesvegen (ein veg). Det er og vert å merke seg at det ofte ligg snø langt utover våren og heilt fram til tidleg sommar der stien opp til Sollibotnen går. Det er derfor umogeleg å gå fotturen før ut i juli enkelte sesongar. 

Det er mykje beitedyr i området frå Veiteberg og inn heile Veitebergsdalen. Her er det sommarbeite for både sauer og storfe. Vis omsyn til desse, og hald bandtvangen om du har hund. 

Adkomst

Frå Skei køyrer du til Klakegg. Her tek du av innover mot Stardalen på Fv453. Etter å ha passert Stardalen Sommarkafe køyrer du vidare i retning mot der det er skilta mot Høyset camping. Men før du kjem heilt fram til Høyset skal du parkere i den vesle grenda Veiteberg. Det er mogeleg å finne parkering ved fylkesvegen. Men parker slik at du ikkje er til hinder for grunneigarane som skal ha vegen open for gardsdrift. Skogsvegen er berre open for trafikk for grunneigarar. Ikkje fall for freistinga å køyre opp utan løyve!