Rundtur til Dalefjellet, Rabben og Tverrlifjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.708 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 5 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1062
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen over fjellrekka rundt Torsbotnen i Årdalen er ein lettgått og vakker rundtur som gir stor utsikt over Jølstravatnet, Kjøsnesfjorden og fjella i både aust og vest i Jølster. Du går i tørt og fint terreng på omlag 1000-1070 moh. over både Dalefjellet, Rabben og Tverrlifjellet. Dette er ein lettgått rundtur i flott terreng, med den fordelen at du har same start- og sluttpunkt.

Turen startar på toppturparkeringa i Årdalen. I starten følgjer du grusvegen innover til Fremstestøylen (321 moh.). Det er mykje beitedyr i dette området, der du vil møte på både sau og storfe. Frå Fremstestøylen går du oppover i vestleg retning på nordsida av Støylsgrova. Du følgjer god sti som i starten går gjennom tett granskog, og seinare open bjørkeskog opp til Torsbotnen. 

Vel oppe i Torsbotnen går du eit lite stykke i noko myrlendt og våtare terreng før du svingar over i nordleg retning opp mot ryggen, som vil føre seg mot Dalefjellet som første topp. Oppover ryggen, og bort til Dalefjellet, går du i lettgått og tørt terreng. Det er flott utsikt innover mot Stigsvatnet og Kupevatnet og ned til grenda Årdalen i Jølster i dette partiet her. 

Når du er på det høgste punktet på turen (1074 moh.) byrjar utsikta mot Kjøsnesfjorden gradvis å opne seg meir og meir. Du tek deg ned nokre høgdemeter, og går vidare i sørleg retning mot Rabben, og svingar så vidare på ryggen i meir søraustleg retning mot Tverrlifjellet. Undervegs på ryggen her får du flott utsikt både mot Vassenden i vest og ser rett på heile Kjøsnesfjorden i aust. 

På Tverrlifjellet står det ein varde med bok i. Her tek stien deg ned frå ryggen i retning mot Øyskaret. Frå skaret går du på sti i austleg retning eit kort stykke før du kjem ned på skogsveg, som fører deg ned att mot Årdalen. Følg skogsvegen eit godt stykke. Når du kjem inn i hogstfeltet skal du på eit punkt ta av skogsvegen og gå på sti eit kort stykke til du kjem ned til Jølstralia hyttetun. Frå her er det eit kort stykke på grusveg i retur ned att til toppturparkeringa. 

Rundturen vart godt merka som rundtur til ein fjelltrimpost for ei tid attende. I 2022 er turen framleis godt merka med mange raude merke heile vegen. Det er mange fine tjørn undervegs. Nokre av desse er fine å raste ved, og badelystne kan ta eit bad. 

Dette er ein utsiktstur, der det er fordel med fint vær. Terrenget er spesielt fint og lettgått, der du sjølv etter regnfulle periodar kan klare å gå nokolunde tørrskodd. Fjellrekka går over relativt låge toppar i Jølster, og eignar seg derfor også godt som ein hausttur når snøen byrjar å kome på dei høgste toppane. Det er sjølvsagt mogeleg å gå rundturen i motsett retning dersom du heller ønsker det.

Sidan det er mykje beitedyr i området er det viktig at hundeeigarar respekterer bandtvangen. 

Adkomst

På E39 skal du av mot Erikstad når du passerer grenda Årdalen i Jølster. Køyr på Årdalsvegen og vidare mot vestlegaste skogsveg ved Årdalselva innover Årdalsdalen. Parker på parkering på den store skiløypeparkeringa 50 meter etter avkøyring til Jølsterlia Hyttetun. Ein kan og parkere på toppturparkeringa før ferista. Betaling med Vipps for parkering.