Skredkollen via Ljusneshovda

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.754 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1053
Sesong: April - Oktober
Område: Etne- og saudafjellene

Beskrivelse

Turen startar på bratt traktorveg på andre sida av E134 i forhold til bensinstasjonen på Kyrping. Traktorvegen er starten på T-merka sti mot Blomstølen.  Ver merksam på at traktorvegen går over beiteområde der det også går storfe. Eit stykke opp i lia, like etter ei grind, ta til høgre ut mot Drevåsen og lavoen som ligger der. Før ein kjem til lavoen ta av på sti opp til venstre. Stien er ikkje merka, men tydeleg. Stien går bratt oppover. Ta til høgre i stikrysset på toppen av åsryggen og følg denne ut til masta på Ljusneshovda.  Ljusneshovda har flott utsikt over Stordalen, Frette, Kyrping, og Åkrafjorden. Du ser også til toppen av Skrekollen. 

Frå Ljusneshova følg stien tilbake over åsryggen til den kjem inn på T-merka sti mot Blomstølen. Følg T-merka sti i retning Blomstølen til Revtjørna (580 moh), etter å ha kryssa utløpsosen frå vatnet, ta av frå T-merka sti og følg gul-merka sti mot nord. Stien er etterkvart blitt tydeleg og er lett å følge. Stien tar deg heile vegen til Skredkollen (908 moh).  Skredkollen har flott utsikt i alle retningar. 

Retur same veg til T-merka sti møter traktorvegen som tar deg ned igjen til Kyrping.

Turen er omlag 4,5 km ein veg og har 770 stigemeter. 

Adkomst

Parker ved bensinstasjonen på Kyrping.