Rasteplassen Eikefjord. Hovlandsstølane til Kvalvikstølane. Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.468 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 479
Sesong: Mars - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå Rasteplassen i Eikefjord krysser du Rv5 hovedvegen og føl stien mot Hovlandsstølane til du kjem inn på traktorvegen og føl den opp til stølane og til endes.

Ovanfor turbokkassa ser du inntaksdammen til kraftstasjonen og den gamle stølsvollen.

På stien ovanfor fossen kryssar du elva og fortset vestover på sørsida av høgdedraget mot Kvalvikstølane. Dersom du ønsker utsikt ned mot Vassbottnevatnet kan du gå opp mot høgda og følge denne vestover til du ser Kvalvikstølane for så å ta ned til dei.

Ved høg vassføring og snøsmelting er det ikkje greit å komme over elva. Vel då å gå traktorvegen til Kvalvikstølane for eiga sikkerheit.

Frå Kvalvikstølane går du traktorvegen ned att til rasteplassen. Rett etter du er komt ned og starta på traktorvegen er det ein fin fjellhammar der du kan nyte nista på ein uversdag.

God tur!

Adkomst

Rasteplassen i Eikefjord ved Rv 5

Linker