Sykkeltur Lærdal - Erdal - Vindedal - Revsnes

Om turen

Type: Sykkeltur
Lengde: 14.439 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 452
Sesong: Mai - Oktober
Område: Bleia naturreservat Skarvheimen

Beskrivelse

Turen byrjar ved infotavla ved ferjeleiet i Habben ved Lærdal Hotell. Følg FV 5627 mot Erdal. ( Snøvegen tek av til venstre over Aurlandsfjellet i Erdal og er vinterstengd.) Vidare på kommunal veg mot Vindedalen og bom. Etter bommen er det på nedlagd veg ut til det gamle (og nedlagde) ferjeleiet på Revsnes. Vegen er asfaltert, og nokre plassar er merke av stein som har rasa ned frå fjellsida. Difor vert turen ikkje tilrådd i sterkt regn eller i vårløysinga. Eit par plassar har det òg gått ras og flaum som har teke med seg vegen og bruer. Desse er reparerte, men spora er der. Ved Hausagrovi kjem vi inn i Bleia Naturreservat, og må føra oss etter det. Like etter brua er det ei infotavle som Nærøyfjorden Verdsarvpark har sett opp Der byrjar ein godt merka sti som går opp til Hausen, ein nedlagd husmannsplass. (Sjå denne turen) På turen ut langs fjorden er det panoramautsikt inn Årdalsfjorden og over til Sogndalssida. Du kan og råke på å sjå ørn segla i fjellsida.

Adkomst

Frå Rv5 i Lærdal, køyr Fv 243 og parker på kaien ved Lærdal ferjeleie.

Stoppesteder

Buss til Lærdal busshaldeplass.