Norddalsfjord Gravplass til Hestedalen. Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 15.281 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1373
Sesong: April - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen til Hestedalen startar frå gravplassen i Norddalsfjord. 

Følg traktorvegen til Litlevatnet og vidare rundt vatnet mot Øyrane. Ta av ved skiltet som viser "Øyralegda". Det er eit tråkk som går oppover og på toppen av Øyrelægda er det litt varding innover mot Hestedalen. Du har Litle Børa på eine sida og Gløsen på andre sida. Når du kjem inn i dalsøkket, gå nedover mot Hestedalen. Der er tråkk som du kan følge.

Nede ved Hestedalsvatnet tar du opp på Heia og vidare til stølstuftene på Hestedalstølen.

Vel nede ved Litlevatnet - ta gjerne turen bortom og sjå på Hestdalsfossen før retur same veg til Gravplassen.

Hestedalstølen har truleg tilhøyrt garden Nord-Bakkjen på Nordalen. Dei siste som nytta stølen, var Yste Øyna, bruket lengst vest på Nordalsøyna. Dette bruket var i si tid utskilt frå Nord-Bakkjen. Kona på Yste Øyna, Sofia, var sjølv budeie her. Ei tung hending førte til at ho ikkje orka å vere på stølen meir. På veg heim frå stølen, sommaren 1913, fall ein av sønene, Anton, i eln alder av 20 år, i Nordalselva og drukna. Stien til Litlevatnet, gjekk opp nær elva. Etter denne tragiske hendinga, fekk Yste Øyna bygt seg sel på Nordalstølen, på sørsida av fjorden. Der kunne Sofie støyle saman med dei andre budeiene frå Nordal.

Råkja opp til stølen har nok vore mykje nytta. Ein stad ved Klovetroppa, finn du mange namn hogge inn i berget. Her har nok vore eit kvile på veg til stølen.

Informasjon om Hestedalstølen og Råkja er henta frå Jostein Midtbø si bok: "Ferdselsvegar i fjella mellom Norddalsfjord, Hyen og Eikefjord" (2010 Norddalsfjord Grendelag)

Sporet på kartet er gått 14 10 20 som ein rundtur.

God tur!

Adkomst

Til Norddalsfjord følgjer du Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare Fv 544