Brandsøyåsen frå Brandsøy skule

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.023 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 275
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå Brandsøy skule går du asfaltvegen opp mot vanntanken og tar av på stien litt før på venstre side. Eller om du tar den grusa som går til høgre nedenfor vanntanken, då kjem du inn på vegen til toppen. Tar du til høgre på vegen og litt ned over kan du ta stien over Norefjellet - går du til venstre på vegen kjem du inn på stien til Brandsøysen litt lenger oppe

Følg stien oppover til du kjem inn igjen på asfaltvegen. Her tar du av til venstre inn Blondsdalen. Denne stien går heilt opp til toppen av Brandsøyåsen.

På toppen finn du Oppturvarden som vart bygd i Friluftslivets år i 2005. Det er ein stein frå kvar kommune i varden med inngravert kva kommune den kjem frå.

Det er også gapahuk på toppen med turbok. Skriv deg inn i boka.

Turen ut mot utkikkspunktet, der du ser Baseområdet / Botnastranda i nord, kan du også ta som ein avstikker frå stien - der ruta går av og kjem innpå hovedstien. Les om turen til utkikkspunktet her: Brandsøyåsen - rundtur https://www.ut.no/tur/2.19226/

Adkomst

Parkering ved Brandsøy skule