Kvåle - Vassenden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.958 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 866
Sesong: Mai - November
Område: Folgefonna

Beskrivelse

Skildring av tur

Frå garden Kvåle går du forbi husa og gjennom ei grind, og kjem ut på eit beite. Stien svingar seg bratt oppover beitet og vidare gjennom ei grind og opp i bratt skogsterreng. Når du er oppe i skoggrensa kjem du til stølen Knutstøl. Her er det flott utsikt mot Folgefonna. Du går vidare over høgda og til dels bratt ned til stølen Vassenden. God sti i skogen, men litt myrlendt over skoggrensa. Frå Vassenden kan du gå over på andre turar, sjå infotavle nede ved vatnet.

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du bruke joggesko.
- Mobildekning er ikkje god på heile turen.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
- Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.

Adkomst

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tek du rett fram i krysset med vegen til Folgefonna og over brua i Øvre Krossdalen. Etter 1,0 km er det skilta til Knutstøl. Turen går gjennom gardstunet på Kvåle. Har du bil, pass på at du ikkje parkerer til hinder. Spør helst dersom nokon er heime. Parkering på eige ansvar. Like før vegbommen på Fonnavegen er det på høgre side ei infotavle.

Stoppesteder

På sommaren går det buss til sommarskisenteret. Gå av ved bomstasjonen, og gå litt tilbake og over brua, 1 km vidare.

Linker