Turveg Postvegen Ølen Etne

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.025 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 392
Sesong: Hele året
Område: Etne- og saudafjellene

Beskrivelse

Fin tur på samanhengande veg frå Ølen til Etne. Turvegen startar ved Øvrehagen i Ølen (Hellevadvegen) og kjem ned på Meland i Etne (Gamlevegen). Vegen startar med asfalt, men går etter kort tid over til grus ved Hellevad. På Fikse passerer vegen nokre gamle «tyskarhòler»/bunkersar frå krigen som det går an å gå inn i. Det går an å bruka vegen som sykkel- eller gangveg frå Ølen sentrum til Etne sentrum, utan at ein må innom E134.

Adkomst

Ta av frå E134 ved Fatland og parker ved Fatland. Følg vegen vidare oppover ca. 900 m, og deretter følg skilting for turveg. (Det vil i løpet av 2017 også vera mogeleg å følgje ny turveg langs Oselva opp til Hellevad, det vil koma skilt på plass.) Det går også an å gå deler av vegen. Parkering ved Hellevad, på Fikse ved gamle vegstasjonen, eller på Melandsstølen i Etne.