Tursti til Tjobergshaugen på Halsnøy, Kvinnherad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.466 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 270
Sesong: Mars - November
Område: Folgefonna

Beskrivelse

.

TUROMTALE

Følg merkt sti frå P-plass til høgre opp skogsveg, og vidare på sti mot Tjodberg. Oppgang på nordsida av haugen. Ta gjerne turen innom den luftige Tjobergspreikestolen (OBS: farleg stup, pass på barna) og oppkoma nær toppen. 

Tjobergshaugen er ei gamal bygdeborg. Legg merke til dei oppmura forsvarsmurane og svipp gjerne bortom Tjuvhola på toppen. OBS: farleg stup mot nordaust, pass på barna. 

Faktainformasjon og segner knytt til denne historiske staden som Tjodbergshaugen er, kan ein lesa på plakatar på toppen.

GODE RÅD

Adkomst

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes. Etter å ha passert Fjellandsvatnet, køyr 200 meter på ei rett strekkje. Ved skilt Skytebane / Tjobergshaugen til venstre i vegkanten køyr inn på ny P-plass 40 meter nordaust mot skyttarhuset. NB! Dersom skyting på banen, har skyttarane førsterett til parkering, og du bør parkera langs hovudvegen.

Linker