Fottur til Løberg 360 moh.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.455 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 39
Sesong: Hele året
Område: Skarvheimen

Beskrivelse

Vegen opp til Oftedalen er ein populær turveg med fin utsikt mot både dalen austover og mot fjorden. Eit solrikt område med mykje kulturhistorie. Nedre Vangen var tidlegare ein gamal veteplass. På Øvre Vangen skin sola midtvinters, og plassen var truleg ein gamal kultplass der dei feira vintersolkverv. Ved Løberg står det ei turpostkasse. Registrer deg gjerne på UT.no/SjekkUT. Gå ut på Løberghaugen 50 m frå turpostkassa. Der finn du det flotte utsiktspunktet !

Merk at vinterstid kan det i periodar vere kjøver under Løberg som krev bruk av broddar.

Adkomst

Start på austsida for Oftabrua, 200 meter forbi Lærdal Sjukehus. Ruta ligg ca. 2,5 km frå Lærdal sentrum, og du når den greitt til fots eller med sykkel. For den som har bil kan ein parkere ved sjukehuset, eller på P-plass i tredje sving på veg 100 forbi Oftabrua.