Fottur til Oftedalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.618 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 855
Sesong: Mai - November
Område: Skarvheimen

Beskrivelse

Fottur til Oftedalen

Vegen opp til Oftedalen er ein populær turveg med fin utsikt mot både dalen austover og mot fjorden. Eit solrikt område med mykje kulturhistorie. Nedre Vangen var tidlegare ein gamal veteplass. På Øvre Vangen skin sola midtvinters, og plassen var truleg ein gamal kultplass der dei feira vintersolkverv. Det er mange utsiktspunkt og perspektivet mot dalen skiftar for kvar stad ein kjem til. Det er bra med stadnamnskilt langs vegen og lett å finne fram. Like før brua over elvi deler stien seg mot Oftedalen og Liastølen og Torsstein. Obs! Turvegane oppover i Ofta mot Oftedalen er gamle stølsvegar som framleis er i bruk og det er mykje sau i området. Hald hunden i band og pass på å lukke grinder etter deg. På vinteren kan det vera mykje is/kjøving nokre plassar på stien opp, bruk broddar og ver varsam!

Adkomst

Start ved Oftabrui tett ved Lærdal Sjukehus