Ytre Furefjerdingen - Strandasætra frå Indre Furefjerdingen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.54 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 415
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Følg veg vestover på dyrka mark. I vestenden av marka er det ei grind i gjerdet, og det går tydeleg og brei veg vidare til Ytre Furefjerdingen. Det er om lag 1,7 km frå Indre Furefjerdingen til Ytre Furefjerdingen.

Vegen til Strandasætra går vidare vestover. Etter om lag 70 meter er det skilta mot Strandasætra rett opp bakkane til høgre. Her kan det vere vanskeleg å finne råsa. Eit kort stykke etter at ein passerer under ei kraftlinje, kjem ein inn att på ei tydeleg rås som går vestover og deretter opp ein rygg mot Geitskogegga. Råsa kjem etter kvart inn på ein skogsveg som går til Strandasætra. Det er om lag 1,6 km frå Ytre Furefjerding til Strandasætra.

Sommaren 2017 er Ytre Furefjerdingen og Strandasætra postar i Barnas Turlag på Eid sin Turbotrim; sjå lenke.

Adkomst

Køyr Fv 664 frå Hjelle/Fossebakken mot Navelsaker, om lag 16 km. Ta av mot Indre Furefjerdingen og følg vegen til du er på tunet, om lag 2,2 km. Grunneigaren, Arne Knut Orvik, mobilnummer 901 34 646, tillét parkering på tunet, men han set pris på at ein tek kontakt for å få avklart eigna stad å parkere.

Linker