Vaksdalsgarden - Trolsanipa

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 0.814 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 207
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Barnevennleg tur frå Vaksdal kyrkje til Trolsanipa. På Trolsanipa er det flott utsikt over bygda Vaksdal og Sørfjorden. Stien startar rett bak Vaksdal kyrkje, og er merka med raude plasthylser på trea. Etter ein slakk start, går stien bratt gjennom skogen. Etter rundt ni minutt jamn gange kjem ein til skilt som viser mot Førstelia, Gubbaholo og Bålhaugen. Her følgjer ein IKKJE skilta, men stien som går rett fram. Turen frå kyrkja og opp til Trolsanipa tek rundt atten minutt, men barn må gjerne ha ein del stopp sidan stien er bratt, så ein må rekna noko lenger tid. Ved å følgja stien vidare, kan ein gå til Bogafjellet og koma ned igjen ved Bogevatn, eller ein kan gå til Blåfjellet.

Adkomst

Frå parkeringsplass ved Vaksdal kyrkje.