Grova-Dyrdalskaret

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.179 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 737
Sesong: April - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Fin tur frå Grova til Dyrdalskaret, forbi utsiktspunktet Idlestien og den gamle stølsplassen Tjørnhaugen. Stien startar i Grova, like ovanfor punktet der ei stor røyrgate krysser bilvegen. Frå Grova til Tjørnhaugen følgjer ein den lett synlege gamle stølsvegen. Etter 1,9 km kjem ein til eit skilta stikryss der ein kan ta av til Allsætra, men her fortset ein rett fram mot Tjørnhaugen. Etter 2,7 km kjem ein til den første stølen på Tjørnhaugen. Frå første til fjerde støl kan stien nokre stader vera litt utydeleg, men ein skal passera like til venstre for den fjerde og siste stølen. Vidare er stien til Dyrdalskaret merka med trestokkar og steinvarder. Fin utsikt mot Sørfjorden i Vaksdal og Bjørnefjorden på Os.

Adkomst

Frå Grova like ovanfor punktet der røyrgata kryssar bilvegen.