Såta

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.487 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 851
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Turen startar ved Fv7 over Kvamskogen. Det er ma. parkering ved innkøyringa til Furedalen skisenter. Du fylgjer Mødalsvegen oppover til Mødalen. Herfrå tek ein tydeleg sti av til høgre før vegen går over ei bru ved dei innerste sela i Mødalen. Du fylgjer denne stien innover Tjødnadalen til Svartatjørn. Over bekken i utløpet av vatnet, og så bratt opp fyrst på nordsida av Såta, så på vestsida før du rundar opp til oppen av Såta.

Turen fylgjer same rute om vinteren.

Såta har flott utsikt mot fjella på nordsida av Kvamskogen og mot Hardangerfjorden, Strandebarm og fjella i Kvinnherad.

Adkomst

Fv7 Kvamskogen. Avkøyring merka Furedalen. Parkeringsplass like etter avkøyringa. Gå ca 100 meter langs fylkesvegen i retning Norheimsund til starten av Mødalsvegen.