Flordalen - Allsætra via Furuhaugen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.891 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 317
Sesong: April - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Tur som går gjennom trolske granholt og har utkikkspunkt mot bygda Vaksdal. Stien startar i øvre Flordalen, i siste skarpe sving, like ved vegnummerskilt med innskrifta "101-107" (ovanfor den tidlegare barnehagen på Jamne). Gå gjennom grind, følg stien. Du passerer ein liten bålplass, og deretter eit skogholt med benk og fuglekasse. Ver obs på at stien litt seinare deler seg, du skal ikkje mot Jamnesåta, men følgje raud pil til høgre mot Furuhaugen. Mot Furuhaugen er stien godt synleg og merka med raude punkt på trea. Like etter Furuhaugen går stien eit stykke i nedoverbakke, til han like etter eit granholt møter turvegen frå Jamne til Allsætra. Her kan du velja å gå tilbake til bygda via Jamne eller Tveitane, men stien mot Allsætra fortsett oppover. Frå Allsætra kan du gå vidare til Tjørnhaugen eller tilbake til Vaksdal via den gamle stølsvegen til Grova (sjå feks turen Grova-Dyrdalskaret for kart).

Adkomst

Øvre Flordalen, Vaksdal. Parkering ved den gamle barnehagen på Jamne.