Myklandsdalen i Kandal, i Gloppen kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.801 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 106
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Dette er ein av T-tur-postane og Barnas Turlag sin post i 2017.

I Myklandsdalen er der fortsatt støylsdrift på Myklandstøylen.

Kandalen har mykje flott natur og by på, ganske annleis enn resten av Gloppen. Dalen er omringa av bratte fjell, og elva renn ned dalen og forbi støylen.

Turposten ligg nede i dalen, men vi kan anbefale å gå vidare opp til Vetledalen, der det er ei sankehytte ein kan låse seg inn i. (sjå tur: Kandal - Longevasshytta - Fitjevårstøylen).

Turen tar ca ein halv time eine vegen for vaksne.

Adkomst

Køyr så langt du kjem inn i Kandalen og parker på innegjerda område, slik at dyra ikkje øydelegg lakken på bilen. Bompengar kr 50.