Støyvastøylen (830 moh) i Gloppen Kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.149 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 233
Sesong: Mai - November
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Ein av dei finaste støylane i Norge?

Støyvastøylen ligg på fjellet mot Skavegga i ei høgd på ca. 830 m o.h. Dermed er den, ved sida av Strandastøylen, den høgstliggande stølen i Gloppen.

Denne romslege støylen har mange hus som er fint vedlikehaldne. Også dei fine steinfjøsa får etter kvart nye tak, noko som gjer eit heilskapt støylsmiljø.

Turen tar ca. ein time ein veg og er godt skilta ifrå parkeringsplassen nedanfor skitrekket (mot Byrkjelo). Alternativ kan ein gå mot Brekka og veg til støylen.

God sti, men kan vere nokre våte parti.

Adkomst

Her stoppar du ved parkeringsplassen på høgre sida av fylkesveg 60 litt før du når toppen av Utvikfjellet når du kjem opp frå Byrkjelo.

Stoppesteder

Det går bussar forbi dagleg