Topptur til Storefjellet, frå Holtane ved Mjell i Eldalsdalen, Viksdalen. (Hoffslåttene). Gaular kommune.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.214 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1090
Sesong: Hele året
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Denne vegen opp til Storefjellet er ein lettare variant enn den som går opp frå Hoffslåttene. Denne vegen er ein svært gammel ferdaveg som var brukt til å drifte storfe heilt frå Hyen i Nordfjord, gjennom Sunnfjord sørover til Sogn og vidare til austlandet med båt frå Sogn. Ferdavegen går gjennom HOLTESKARET som er eit skar som går frå Vindheim ved Haukedalsvatnet og over til Mjell/Hoff i Eldalsdalen. Høgste punkt i skaret er ca 820 moh. Denne turen kan nyttast som retur frå turen som går opp frå Hoffslåttene. Frå Hoffslåttene er rekna som svart rute, og kun sommarrute. Det er fult mulig å nytte retur ned til Hoffslåttene, men du bør vere fjellvand for å gå ned vegen til Hoffslåttene.

Denne turen kan og brukast om vinteren. Ta gjerne kontakt med lokale folk for hjelp og rettleiing.

Adkomst

Med bil. Det er mulig å parkere ca 70 m frå startplass.

Stoppesteder

Nei