Gallen og Tverrdalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.278 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1247
Sesong: Juli - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen Jostedalsbreen nasjonalpark

Beskrivelse

Gallen er ein markert topp på Fonn innerst i Stardalen, og er starten på ein av dei eldre ferdselsvegane over Jostedalsbreen. I dag går DNT klassikaren over Gallen til Tungestølen. Gallen byr på flott utsikt over Stardalen og fjella i kring! Stien opp er også veldig artig og kjekk å gå på for dei som likar å ta fatt på det som er litt bratt.

Turen startar i lett og trolskt beiteterreng inn Tverrdalen. Å gå i Tverrdalen er i seg sjølv ein flott tur med ungar og andre som ikkje kan gå så langt og bratt. Her renn elvane strie ned frå fjella, og du får sjå breen henge i fjellsidene. Frå Tverrdalen går du "rett på sak" i bratt terreng heilt opp til toppen. Stien slyngar og snor seg fint oppover i terrenget. I starten går du i fin og lett sti i lyngdekke, mens du gradvis kjem over på stein og berg. 

Der du møter på steinura kan det verenoko vanskeleg å sjå vegen vidare. Her er raude merke etter fleire tidlegare fjelltrimmar. Sporet i dette partiet er spora etter to ulike fjelltrimmerkingar. Med det nordlegaste sporet unngår du tid i steinur. Øvst oppe møter du ei egg som ser meir utfordrande ut enn den er.

På toppen kan du nyte utsikta over vakre Stardalen og breane som heng rundt fjellsidene. Litt spesielt er det å møte på ei minnebrikke som er montert rett ved varden. I lenka som ligg ved turskildringa kan du lese historia om kvifor denne minneplata er plassert på toppen av Gallen. 

Det er ingen direkte luftige parti opp på Gallen, men du opplever å få kjensla av å sjå langt ned i sida til dalføret. Toppen er noko værutsett pga. nærleiken til Jostedalsbreen. Tåka kan kome fort på deg ved ustabilt vær, og det kan oppstå kraftige vindkast . Du bør ha godt og klårt vær om du legg ut på denne turen. Turen opp tek 2-3 timar for fjellvande folk. Ned att brukar du 1,5-2 timar. Sidan det er bratt store delar av vegen må dei som ikkje er er så vande med å gå i bratt terreng rekne med å bruke ein del meir tid.

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Ta av E39 mot Stardalen og køyr til Fonn som ligg lengst inne i dalføret. Prker slik at du ikkje er til hinder for gardsdrift og private eigedomar. 

Linker