Vindheim - Kjerringa - Storefjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.1 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 732
Sesong: Hele året
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Tur til Kjerringa og Storefjellet i frå Vindheim. For å komme til Storefjellet, så kan ein gå i frå fleire plassar. Min favoritt vil gjerne være å gå Via Loftsteinen - Øyastølen - Storefjellet - Kjerringa - Vindheim. Her må ein treffe riktig opp eit skar mot Storefjellet i frå Øyareset, men dette seier seg litt sjølv på veg oppover.

Her har eg merka kun Vindheim - Kjerring - Storefjellet.

Eg har her valgt å følge skogsbilveg vestover i frå Vindheim, for så å ta til venstre oppover myrer, for å ende opp ved Kjerringa. Det skal derimot gå ein fin sti i frå vasskanten på Vindheimsvatnet og oppover bjørkeskogen mot kjerringa, utforsk gjerne denne om du ynskjer. Kjerringa er ein stor stein i skaret mellom Pernova og Storefjellet, her heng ei turpostkassee. Vidare er det merka med raude merker mot Storefjellet, denne merkinga kjem i frå Mjell, på sørsida av fjellet.

Storefjellet er eit morsomt fjell om vinteren. Frå kjerringa og Trollebotnen mot Pernova er eit yndigt område å køyre på ski, da snøen her ofte ligg roleg om vinteren, når det kan være forblåst dei fleste andre plassar.

Adkomst

Bomveg til Vindheim. Ta med kontantar.

Stoppesteder

-