(18) Stovegolvet Rundtur 703 moh

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.304 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 764
Sesong: Hele året
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

Rundtur som startar frå Lundsseter kraftstasjon. Ein fylgjer merkt sti opp Tyseskaret til Eldhusheddo. Nyt utsikt over søndre del av Sunnhordlandsbassenget mot Halsnøy, Borgundøy og Valevåg. På toppen av skaret tek ein til høgre i stikrysset, bratt oppover mot Stovegolvet. No startar eit endå brattare parti der det er hengt ut tau som ein kan halda seg i. Først kjem ein til Varden 703 moh og vidare til Stovegolvet.

Namnet Stovegolvet kjem ifrå den store flata som openberrar seg på toppen, her er det like flatt og breitt som heime i stova. Her har Turlaget restaurert eit Tårn som er eit landemerke og verdt turen i seg sjølv. Følg fjellryggenpå merka sti i nordaust retning. Ta til høgre i stikryss og følg stien som skrår ned lia retning Fossabrekko til skilt merka Til Lundastøl. Følg sien sørover mot Kyviksætra til skogsveg. Ta til høgre på skogsvegen og følg den attende til parkeringsplassen ved Lundsseter

Adkomst

Start og sluttpunkt: Kraftstasjonen på Lundsseter.