Utsiktspunkt ved Haugabreen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.767 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 362
Sesong: Juni - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen Jostedalsbreen nasjonalpark

Beskrivelse

Denne turen viser stien opp til Haugabreen frå Haugadalen i Stardalen. Stien er mykje nytta av folk som skal på bretur, og er godt merka og varda. Sporet stoppar der utsikta mot Haugabreen er på det finaste. Det anbefalast at du stoppar turen din her.​

Du startar turen på parkeringa av enden av skogsvegen opp frå Høyset til Haugadalen. Du går i fem minutt og kjem inn til idylliske Haugastøylen. Herifrå følgjer du sti langs breelva som går gjennom det dramatiske brelandskapet. Frå dalføret går stien i noko bratt terreng opp til utsiktspunktet ved Haugabreen. I denne oppstigningane er det ein del laus stein og grus. Tidleg på sesongen i snøsmeltinga, og etter langvarige regnperiodar, kan det vere sleipt å gå på steinane her. Over den striaste elva du skal passere er det lagt fint til rette med ei bru. Etter å ha passert elva kjem du inn i eit parti der stien går på svabeg. Desse er gode å gå på så lenge du ikkje stig på dei svarte (sleipe) partia. 

Sidan store isblokker kan falle ut når som helst frå breen, som er i konstant rørsle, er det svært farleg å gå for nær ein bre. Også denne. Eit skilt syner deg kvar du skal stogge. Respekter dette skiltet.

Haugabreen er mykje brukt til brevandring og til klatring i blåis. Dersom du skal gå på breen må du ha naudsynt kompetanse og utstyr, eller kjøpe deg guida teneste hjå turoperatørar. Ta kontakt med den lokale turistinformasjonen for informasjon om dette. Det er fleire private firma som tilbyr guiding på Haugabreen. Indre Sunnfjord Turlag har årlege guide turar til Haugabreen i sitt turprogram. 

Adkomst

Ta av E39 til Fv453 skilta til Stardalen. Køyr vidare til Høyset Camping. Mot avgift kan du køyre noko bratt skogsveg opp i Haugadalen, og parkere på parkerinnga før Haugastøylen. Det er i 2021 ikkje lagt til rette for Vipps-løysing, så ta med kontantar for å betale.