Skardgrovbotnen og Nova

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.636 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 773
Sesong: Juni - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Turen opp til Skardgrovsbotnen er verdt ein tur åleine, for dette er ein idyllisk plass med små rennande elvar som siv ut frå det skjerma fjellvatnet. Dette er plassen der du verkeleg kan kjenne på roen! For her er det få andre som går forbi. Om du går vidare til Nova får du utsikt over fjella på Holsa og i Haukedalen. Toppen herer nok mest vanleg å gå opp til frå Holsa-sida, som ofte legg ut bok i postkassa på varden her.

Denne turen startar langs skiløypene i Gjesdalen. Du følgjer løypene eit stykke før du tek av og går turen vidare utanfor sti i myrlendt og "tungt" terreng opp mot Skardgrova. Tidvis er det nokre gamle merke etter ein fjelltrimpost. 

Du kryssar Skardgrova på ei hylle der elva har laga ein kulp, og svingar deg vidare oppover i terrenget til Skardgrovbotnen. Frå Skardgrovbotnen går det ganske tydeleg sti opp mot ryggen som du følgjer eit stykke før du går i meir sørleg retning opp til Nova på 1170 moh.

Du brukar kring 3-3,5 timar opp til Nova og 1,5-2.5 timar ned att. Turen går utanfor sti omlag heile vegen, og du går nokre parti i noko bratt og tungt lyngterreng. Du kan og nå denne toppen ved å gå opp via Finneskotet. Sjå vedlagt lenke til denne turen.

Dette er tur for fjellvande som kan orientere etter kart og kompass. Feilnavigasjon ned att frå Nova i retning mot både Gjesdalen eller Finneskotet kan føre deg inn i svært bratt terreng med hylle og klippeformasjonar. 

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Ta av E39 og køyr mot Gjesdalen på Vassenden. Mot avgift køyrer du vestligaste skogsveg til parkering i Gjesdalen. Denne vegen har parkering rett ved Bakkestøylen. Vipps-betaling i bommen. 

Linker