Bordvassvegen: fottur i Lom nasjonalparklandsby

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.994 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 463
Sesong: April - November
Område: Breheimen med jostedalsbreen Jotunheimen

Beskrivelse

Bordvassvegen er ein kulturstig der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia og tradisjonane rundt vatningskulturen i Lom. Turen går på solsida i slak helling og er ein fin tur også om vêret ikkje er det beste.

Kulturstigen har eigen informasjonstavle bak turistinformasjonen ved Norsk fjellsenter. Legg gjerne turen innom Lom bygdamuseum på veg til Bordvassvegen dette er eit friluftsmuseum med 22 verneverdige bygningar. Her det mogleg å gå med barnevogn, dette er ikkje tilrådeleg på resten av turen.

Ruta til Bordvassvegen er godt merka med raude merke. Du kan følge rutebeskrivelse for ruta til Lomseggen (gul merking) til den skil lag med ruta for Bordvassvegen. Vidare følgjer du raud merking for å gå langs Bordvassvegen.

Turinfo:

Adkomst

Det er fint å starte turen frå Fossbergom (Lom sentrum), gjerne frå Norsk fjellsenter. Det er stor parkeringsplass på motsatt side av Rv15.

Stoppesteder

Bussterminalen ligg like i nærleiken av Norsk fjellsenter - alt du treng å gjere er å gå bort til Bakeriet i Lom, krysse brua langs Rv15 og gå vegen opp ved Norsk fjellsenter.

Linker